Hopp til innhold

Første jul utan kjøtt, sjølv om pappa ikkje liker det

STAVANGER (NRK): Det blir diskusjon om julemenyen i mange norske heimar i år. Ifølge ei undersøking frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, vel nesten ein av tre minst eit kjøttfritt måltid i juledagane.

Katrine Wangen

VEGETARIANAR: Katrine Wangen vel vegetarmat til jul: – Eg gleder meg til den første jula utan kjøtt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

I ein tidlegare versjon av denne saka, skreiv NRK at over halvparten av kvinner mellom 18 og 25 år vil ha vegetarmat ein av de tre juledagane. Det er for stor feilmargin i målinga til å konkludere med det, og opplysninga er difor fjerna frå saka. Som Faktisk.no har påpeikt, er årsaka feilmargin og ikkje representativiteten i utvalet.

– Pappa liker ikkje at eg droppar pinnekjøttet i år. Men dei må nok akseptere at eg held meg til poteter, kålrotstappe og alternative produkt, seier Katrine Wangen.

23-åringen frå Bærum studerer økonomi ved Universitet i Stavanger og er typisk for si eiga aldersgruppe.

– Det er etiske grunnar til at eg har valt å bli vegetarianar. Eg er veldig glad i dyr og meiner det er gale å drepe dei.

I ei undersøking av Norstat på oppdrag frå Opplysningskontoret for frukt og grønt, viser at dei fleste har kjøt på tallerken dei tre juledagane. Likevel vel 32 prosent å ete minst eit kjøttfritt måltid i løpet av juledagane.

Det handlar om miljø, helse og ikkje minst dyrevelferd. Stadig fleire unge seier nei takk til kjøtt.

Bra for helsa

Lilas Warda

KJØTTFRI: Lilas Warda har feira tre juler utan kjøtt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

For Lilas Warda frå Stavanger blir 2019 den tredje jula utan kjøtt på bordet. Medan familien et både ribbe og pinnekjøtt, vel 24-åringen tilbehøyr og veganske pølser og burgarar.

– Dette er bra både for miljøet og mi eiga helse. Eg er òg sjokkert over dokumentarar som viser dårleg dyrevelferd.

Warda har ikkje møtt mykje motstand heime, men i mange heimar oppstår det konflikt når ungdommen ikkje vil ha pinnekjøtt, medisterkaker og ribbe.

Birgitte Dambo valde bort kjøttet for fleire år sidan.

– Det vart eit stort tema. Dei lurte på kva eg skulle ete og syntest ikkje noko særleg om at eg berre åt poteter og grønsaker på julaftan.

No føler ho at det har vorte vanlegare.

– Fokuset på dyrehelse og miljø har vorte mykje større, meiner ho.

– Et det dei får

Blant den eldre garden er det framleis mange som ikkje skjønar ungdommens kjøtt-nekt.

– Dei får ete det dei får. Dette har gått for langt og har vorte eit hysteri, er svaret når NRK spør folk over 50 år på handletur.

Butikksjef Ingvild Winterstø på Coop Obs i Stavanger ser ingen problem med at dei unge kutter ut julekjøttet.

Ingvild Winterstø

PROBLEMFRITT: Ingvild Winterstø er butikksjef på Coop Obs

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg synest berre dette er gøy. Vi har òg så mange gode alternative produkt no som passar perfekt til julemenyen, seier Winterstø.

Ho trur dette berre er starten på ein trend som vil auke dei neste åra. Salet av veganske pølser er dobla det siste året.

Dag Ove Aksland

BERRE STARTEN: Dag Ove Aksland er Coop-direktør i region Vest.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det starta ved grillsesongen og har vore stabilt høgt sidan, seier Coop-direktør Dag Ove Aksland i Region Vest.

Han fortel at utvalet av kjøtterstatningsprodukt blir stadig større. Direktøren meiner det dermed er heilt unødvendig med konfliktar rundt menyen på julaftan.

Og han får støtte av Katrine Wangen.

– Dette må pappa og resten av familien berre tole. Eg gleder meg til den første jula utan kjøtt, avsluttar Wangen.