NRK Meny
Normal

Ein av fem påmelde sykla ikkje

Av dei 12.500 påmelde til årets Nordsjøritt, var det berre fire av fem som faktisk møtte opp til start. – Mange påmelde frå oljeindustrien kan vera ei av årsakene, seier leiar for Nordsjørittet, Eli Orre.

Nordsjørittet 2012, deltakere ved målgang i Sandnes

Sjølv om det til tider regna under årets Nordsjøritt, var vêrforholda svært gunstige for sykling. Dei aller fleste sette nye personlege rekordar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Eli Orre

Leiar for Nordsjørittet, Eli Orre, seier det er normalt at mange ikkje møter opp på arrangement av denne typen.

Foto: NRK

– Det var i underkant av 10.000 som stilte til start i Egersund, seier Eli Orre til NRK.no om Nordsjørittet som blei arrangert på laurdag. Ifølgje resultatlista var det om lag 9.300 av desse som kom i mål.

Det vil sei at over 2.500 personar har avlyst planane om å sykla, eller at firma som melder på deltakarar tar for godt i.

– Oljearbeidarar gjer om på planar

Eli Orre er ikkje uroleg over desse tala, ho seier tvert om at dei hadde rekna med eit større fråfall.

– Det er heilt vanleg med fråfall i denne storleiken på denne type arrangement, me hadde faktisk rekna med at det skulle bli nokre færre som starta, seier Orre.

Årsakene seier ho er mange. Men ho trekk fram ein som er spesiell for Rogaland.

– Det er jo svært mange som jobbar i oljeindustrien som er påmelde til dette rittet. Me veit jo at dette kan vera travle folk, som veldig ofte må gjera om på kalendrane sine, seier Orre.

Ho seier også at vêrmeldinga, som var verre enn det faktiske vêret, må ta sin del av skulda. Elles spelar også vanlegare faktorar som sjukdom ei rolle for talet på frammøtte.

Sjå bilete frå Nordsjørittet 2012:

Tilskuere på Jæren

Inkludert tilskodarar reknar Eli Orre med at om lag 20.000 personar frå Egersund til Sandnes var involverte i Nordsjørittet 2012.

Foto: Studio Alsvik

Ønskjer at alle skal stilla

Mange opplever at det ikkje er plass til dei i rittet. Noko som kan verka som eit paradoks sidan det er så mange som ikkje stiller til start.

Eli Orre seier at dei likevel er nøydde til å stenga namnebytte på billettar tre veker før start.

– Det er ikkje praktisk mogleg for oss å opna for namnebytte på billettane fram til start. Det er alt for mange påmelde til at det vil la seg gjera.

Ho understrekar likevel at dei ønskjer at alle skal stilla.

– Det er ikkje ein fordel for oss som arrangørar at færre stiller til start. Me har jo alt klart til dei.

Nøgd med arrangementet

Eli Orre er elles svært nøgd med gjennomføringa av årets Nordsjøritt som ein folkefest.

– Me reknar med at om lag 20.000 personar på ein eller annan måte var involvert i rittet frå Egersund til Sandnes, seier ho.

Skadefrekvensen var betre enn venta seier ho. Om lag 15–20 personar måtte inn på sjukehus, og dei aller fleste kom ut same dag.

– Det er ikkje mykje, når ein tenker på at om lag 10.000 personar sykla ni mil.

Vêrforholda var også gunstige for sykling, og inntrykket til Orre er at dei fleste har sett nye personlege rekordar. Ho ventar nå på å få inn snittida, denne ventar ho har gått kraftig ned frå i fjor.

Nordsjørittet 2012

Syklistar ved Obrestad.

Foto: Studio Alsvik