Hopp til innhold

Tatt for bruk av ulovleg arbeidskraft, igjen

Eigaren av den kjente kaféen, Le Café Francais i Stavanger sentrum, er dømt for å bruke innvandrarar som ikkje har arbeids-og opphaldsløyve. Det er andre gongen dette skjer.

Le Café Francais i Stavanger blei stengt 20. juni 2016

Le Café Francais i Stavanger blei stengt 20. juni 2016.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Politiet har etterforska bruk av ulovleg arbeidskraft på denne kaféen, og me har avdekka at det var to personar som jobba der, som ikkje hadde lovleg opphalds-eller arbeidsløyve i Norge. Dette seier påtaleansvarleg ved Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Remman.

Dei to kom frå Midt-Austen og var i full jobb på kaféen Le Café Francais i Stavanger sentrum, då A-krim gruppa til Politiet, Arbeidstilsynet, Skatt Vest og NAV, gjekk til aksjon den 20. juni i sommar.

For andre gong på seks år, blei eigaren av kaféen tatt for å innvandrarar i jobb, som ikkje hadde opphalds-og arbeidsløyve.

Tar ansvar

Eigaren av kaféen vil ikkje stå fram med namn og bilete, men han vedgår at det som har skjedd er hans ansvar og har vedtatt ei bot på 20 000 kroner.

- Eg har gjort ein feil. Hadde eg visst dette, så hadde eg ikkje latt dei få jobba. Den feilen har øydelagt heile min situasjon. Absolutt alt det eg har bygd opp i løpet av mange år har blitt øydelagt på ein dag, seier han i dag.

– Men med tanke på at dette også skjedde for seks år sidan, korleis kunne du ta sjansen på å gjera det same ein gong til?

– Dei to var i ein veldig vanskeleg situasjon, og dei hadde ikkje inntekt, så eg hjelpte dei. Eg visste ikkje at dei ikkje hadde opphalds-eller arbeidsløyve, seier eigaren.

Skjedde for andre gong

For seks år sidan blei broren til den nåverande eigaren, som då eigde kafeen, avslørt for å ha hatt 11 personar i arbeid, som ikkje hadde papira i orden.

Broren blei straffa med seks månader i fengsel.

Stavanger Aftenblad skreiv den gongen at åtte av dei 11 innvandrarane verken hadde opphalds-eller arbeidsløyve. Dei tre andre var EU-borgarar frå Polen, utan arbeidsløyve.

Ei alvorleg sak

– Arbeidsgjevarar som brukar arbeidsfolk utanfor EU som ikkje har arbeids og opphaldsløyve, var eit mykje større problem tidleg på 2000- talet.

Nå har politiet fått større kontroll med dette, opplyser Fred Sherling, som er leiar for utlendingskontrollen i A-krimgruppa.

Men ennå er problemet langt frå forsvunne, fortel påtaleansvarleg Kjetil Remman i Sør-Vest politidistrikt.

– Me ser alvorleg på det. For det første er det brot på utlendingslova, og så kan det også vera ein fare forat dei som jobbar der blir utnytta gjennom at dei får for lite løn.

– Rett og slett at dei har få rettar som arbeidstakarar, seier Remman.