Hopp til innhold

Eidsvåg med PR-stunt på internett

Bjørn Eidsvåg med original vri på dagens pressekonferanse.

Bjørn Eidsvåg i Radioresepsjonen

Mellom klokka 13 og 14 i dag arrangerte Bjørn Eidsvåg pressekonferanse på Twitter.

Foto: Vidar Josdal / NRK

Rockepresten Bjørn Eidsvåg droppa i dag den tradisjonelle pressekonferansen då ha lanserte sin nye song, «Nede for telling.»

I staden valde han å bruka nettstaden Twitter til å fortelja om nylanseringa. Få, om ingen, har gjort dette før saudabuen.

- Ikkje berre rein gimmick

Eirik Solheim

Redaktør i NRKbeta, Eirik Solheim.

Foto: NRK

Redaktør i NRKbeta, Eirik Solheim, seier valet er originalt.

- I første omgang er det lett å karakterisera dette som rein gimmick for å få meir merksemd rundt platesalet. Men sidan Eidsvåg har vore aktiv på nettet såpåss lenge, trur eg likevel det ligg meir bak dette.

- Kva oppnår Bjørn Eidsvåg med dette?

- Først og fremst har han meir kontroll over det som skjer under konferansen. Dette er hundre prosent ope med direkte dialog med publikum. Det gjer det vanskelegare for pressen å vinkla og vri saker i etterkant.

- Berre eg legg føringar

Nettopp dette peika Eidsvåg på under pressekonferansen i dag også: Ingen journalistar er mellommenn.

- Her er er det berre eg som legg føringar. Eg likar det, skreiv Eidsvåg i eitt av svara sine.

Eidsvåg avviste også at han arrangerer twitter-pressekonferansen for å sleppa spørsmål frå jouraliststanden - og at saker blir vinkla på måtar han ikkje har kontoll på i etterkant.

- Dette er meint som eit tillegg til pressen. Eg skal la meg intervjua til eg blir blå i trynet, forklarte han.

Ingen veg utanom journalistane

Heller ikkje Beta-redaktør Eirik Solheim trur det er nokon veg utanom jounalistane for Eidsvåg og andre artistar som eventuelt måtte velja å gå i same nettspor.

- Me treng framleis profesjonelle journalistar til å sila ut den store informasjonsstraumen. Slik får folk flest hjelp til å setja ting i perspektiv og samanheng. Men journalistane må kanskje bruka nettet i større grad framover til å samla informasjon. Slik sett kan pressekonferansar på Twitter vera til god hjelp, seier han.

KVA SYNST DU OM Å HA PRESSEKONFERANSE PÅ TWITTER?