Hopp til innhold

Ei reise gjennom Stavanger-rockens historie

Magne "Mannaen" Høyland har levd eit langt rockeliv i Stavanger. No har forteljinga om hans liv blitt til bok.

Mannaen

Øyvind Ellingsen har skreve bok om Stavanger-rockaren, Magne 'Mannaen' Høyland.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det kom litt overraskande på meg då dei spurte om dei kunne skrive ei bok om meg, seier Magne "Mannaen" Høyland.

– Først tenkte eg, kvifor meg? Men etter kvart som tanken hadde fått modne seg litt tenkte eg, kvifor ikkje meg? Eg trur eg har opplevd det meste som ein kan oppleva som rockemusikar i Stavanger, seier "Mannaen".

For det er ikkje reint lite "Mannaen" har vore med på gjennom sitt lange rockeliv i Stavanger. Han har vore frontfigur i band som Nurk Twins, Asfalt og Wasaband på 1970- 80-talet. Han har hatt roller i fleire filmar, og har vore frontfigur i Dickensbandet i 26 år.

Artikkelen held fram under videoen

Hebban, Daggan og Sebban er bare noen av de som har vært med når Dickens-bandet som har spilt på uteplassen hver søndag i 25 år.

Sjå innslaget frå i fjor, då Dickensbandet med Mannaen feira 25-årsjubileum.

Forteljar historia om rocken

– Eg sa også kvifor han, då eg blei spurt om å skrive boka, seier forfattar Øyvind Ellingsen.

Men han lét seg likevel overtyde om at historia til "Mannaen" var verd ei bok.

– Når du begynner å snakke med han, og ikkje minst dei rundt han, så innser du at Magne har kryssa spora til dei aller fleste i Stavanger-rocken.

Resultatet av samtalane har blitt til boka "Et levd rockeliv".

– Dette er ei slags reportasjebok, der alle desse personane er intervjua og dei fortel historiar bak Stavanger-rocken som me kanskje ikkje kjenner til. Eg har blitt spesielt imponert over samhaldet, og den stoltheita desse menneska har av sitt opphav, seier Ellingsen.

Mannen

Denne boka får du berre kjøpt på Dickens, Beverly og Piren pub i Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

Har ditt syn på Stavanger-rocken endra seg etter at du skreiv denne boka?

– Nei, men det er ein del nyheiter som eg ikkje visste om. Som til dømes at Magne blei spurt om å vera med i Stavangerensemblet og i Løgnaslaget.

Lansering på Dickens

Sjølv har ikkje "Mannaen" lest heile boka.

Eg har skumma igjennom den. Men eg har jo vore med på det meste i boka, så eg veit stort sett kva som står der, seier "Mannaen".

Viss du er på jakt etter eit eksemplar av boka, så leiter du forgjeves i bokhandelen. For den blir berre seld på Dickens, Beverly og Piren Pub i Stavanger.

Søndag blir det lanseringsfest på Dickens.

Sjå TV-reportasjen frå 1989 – då Kjell Jonevret vann cupen med Viking og Magne Høyland lanserte den kjende supportersangen «Viking e best».

Sjå TV-reportasjen frå 1989 – då Kjell Jonevret vann cupen med Viking og Magne Høyland lanserte den kjende supportersongen «Viking e best».