Hopp til innhold

– Det er jobben vår, me må halda ut

Utskjelling frå fulle ungdommar og ei spyttklyse på frontruta var takka dei fekk for å gjera jobben sin. NRK blei med ambulansearbeiderane Oddgeir Østrem og Kjetil Klungland på vakt ei laurdagsnatt i Stavanger.

Video – Det er jobben vår, me må halda ut

VIDEO: Opplev ei travel natt saman med ambulansearbeiderane i Stavanger, Oddgeir Østrem. Utdrag frå dokumentaren «Safari i lysløypa» som blir vist på NRK 1 klokka 22.40 laurdag 17. desember. (Foto: Mathias Oppedal)

Det byrjar å gå mot kveld, laurdag 19. november. Men for dei seks påtroppande ambulansearbeiderane ved Ambulansesentralen i Stavanger sentrum har arbeidsdagen berre så vidt byrja.

– Nå er me klar for ein fest, seier Kjetil Klungland spøkjefullt til skiftleiar Oddgeir Østrem. Begge ler halvhjarta, for det er ikkje til å leggja skjul på at natt til sundag ikkje er favorittskiftet til nokon av dei.

Denne natta skal Østrem og Klungland vera mekkarar i same bil, dei skal gje omsorg og hjelp til dei som treng det. Men allereie nå veit dei at løna dei vil få mellom anna vil koma som skjellsord frå fulle folk.

– Då er det berre å setja i gang, seier Østrem og gjer teikn til Klungland. Saman går dei over heile bilen deira for å sjekka om alt utstyret er klart til første utrykking.

Oddgeir Østrem og Kjetil Klungland før vakt

KLARE FOR VAKT: Skiftleiar Oddgeir Østrem og Kjetil Klungland er ved godt mot når dei troppar på laurdagens nattevakt. – Nå er me klare for ein fest, spøkjer Klungland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

NRK fulgte også andre aktøra ei natt i november. HER kan du sjå resultatet i dokumentaren "Safari i lysløypa".

– Mange treng berre merksemd

Og første utrykking skjer brått. Allereie klokka ti om kvelden, før dei har fått opna posane med chips og smågodt, hyler det i radioen.

Ei ung jente på ein heime-aleine-fest utanfor sentrum er svært full og skal ha fått astmaanfall. Frå ei laus og ledig stemning blir brått forholdet mellom dei to ambulansearbeiderane profesjonelt og rutineprega.

Dei går målretta, men roleg til bilane sine. Klungland sett seg i passasjersete medan Østrem sett seg bak rattet og byrjar å køyra, medan Klungland plottar inn adressa på GPS-en.

– Me veit aldri kva me kjem til når me får slike meldingar, seier Østrem.

Han forklarer at svært mange av oppdraga deira tidleg på laurdagskvelden er fulle jenter som kanskje berre treng litt merksemd.

– Det er synd når me må rykka ut på mange unødvendige oppdrag, men når me ikkje veit kva det er, må me ta det på alvor, følgjer Klungland opp.

Det er tydeleg at aleine-heime festen er avslutta når dei to nærmar seg adressa. Gatene mellom bustadhusa er fulle av unge ungdommar i sine finaste klede, med skeive blikk og alle med kvar sin pose.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Frå ambulansen prøvar dei å speida etter jenta som det har blitt ringt inn om, men nærmare 50 ungdommar i gatene gjer situasjonen så uoversiktleg at dei må spørja.

– Me er på jakt etter ei ung jente som det har blitt ringt om, seier Østrem til ein tilfeldig forbipasserande gut.

– Ho er lenger nede i vegen. Det er ingenting farleg. Ho er berre ei dum jente som har blitt litt for full, seier guten.

– Eg veit kor ho er, følg etter meg, bryt ei jente inn. Ambulansen rullar langsamt nedover vegen i hælane på den unge jenta som viser vegen fram til eit fortau der mange har flokka seg rundt ei jente som ligg på bakken.

– Slepp ho for faen

Dette er jenta dei har leita etter. Begge to går ut av bilen og treng seg gjennom gruppa med ungdommar som står som ein flokk rundt jenta. Men ikkje alle ønskjer at jenta på bakken skal bli tatt hand om av Østrem og Klungland:

– Me skal ta ho med på bussen, du får faen ikkje ta ho, roper ei jente.

– Slepp ho for faen, roper ei anna.

Politiet kjem til, noko som får dei som roper høgst til å forsvinna av seg sjølve.

For å få arbeidsro tar Østrem med seg jenta og ei veninne i ambulansebilen, der han får snakka med dei. Jenta har truleg fått eit astmaanfall, men er betre nå. Særleg full er ho heller ikkje.

Etter ein sjekk med legevaktslegen blir det avgjort at jenta skal bli sendt heim. Østrem og Klungland reiser tilbake til ambulansesentralen for å venta på nye oppdrag.

Ventetida kan vera lang, noko ho også blir i kveld. Heldigvis har dei med seg godt med godsaker å kosa seg med.

Full mann utanfor Kongsgård i Stavanger

HEILT ALEINE OG FULL: Etter utestadene er stengde får ambulansen melding frå politiet om ein polakk som er så rusa at han ikkje kan gjera greie for seg sjølv.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

To moglege GHB overdosar

I ventetida blir det også tid til tenking. Østrem lurer på om foreldra til tenåringane dei nett møtte veit kva dei driv på med. Han har ein ungdom sjølv:

– Eg håper at eg ikkje treff sonen min i slike situasjonar. Eg har vore inne på tanken eit par gonger om at kanskje han kan vera her, men eg har ikkje treft han til nå, seier skiftleiaren.

Han meiner drikkekulturen har endra seg.

– Ungdommane har ikkje respekt når dei er ute og drikk, seier han.

– Du var vel ikkje betre, skyt Klungland inn med eit smil.

– Jau, me hadde i alle fall respekt for ambulanse og politi, svarar han raskt.

Men det er ikkje den vanlege drikkinga som uroar Østrem mest. Det er den nye trenden der ein blandar alkohol og andre narkotiske stoff.

Og omtrent klokka to om natta kjem ei melding på radioen, som har rot i drikkekulturen han fryktar aller mest.

To moglege GHB overdosar på Sky Bar i Stavanger sentrum.

Pause for ambulansepersonellet

VENTETIDA: Størsteparten av vakta går med på å venta. Først i totida blei det behov for ambulanse i Stavanger sentrum laurdag 19. november.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Verre enn sauer

Bilen rullar ned mot eit sentrum fylt med festkledde folk i gatene. Trass blålysa er det få som flyttar seg for ambulansen.

– Dei er verre enn sauer, seier Østrem som sakte køyrer gjennom folkemassen fram til puben der GHB-overdosane skal ha skjedd.

Alle gjestane har trekt ut frå plassen, og stemninga utanfor er amper. Journalistane og kamerafolka som er til stades for å laga dokumentaren «Safari i lysløypa» gjer ikkje situasjonen mindre spent.

Østrem og Klungland får gå rett inn på utestaden. Utanfor passer to kollegaer på bilane, vaktar hindrar at andre folk skal koma seg inn i lokala og politiet prøver å ha kontroll på fulle, hissige menn. Fleire gonger byrjar dei å slost med kvarandre. Nokon prøver seg også på politiet.

– Når situasjonen er slik er det svært viktig at ein får vera i fred med pasienten. Elles er det mange som vil ha eit ord med i laget. Det er mange fulle folk som plutseleg er verdsmeistrar i medisin, seier Klungland.

Når dei kjem opp på utestaden, finn dei ein bevisstlaus person. Han andre har stikke av. Med hjelp av sterke kameratar får dei mannen opp på bora, ned dei smale trappene på Sky Bar og inn i ambulansen.

Ein av kameratane blir også med.

– GHB finst det lite motgift mot, seier ein oppgitt Østrem medan han køyrer inn mot akuttmottaket på Stavanger universitetssjukehus.

– Dette er dessverre eit anna miljø. Det blir med ein gong meir aggressivt når ein har med GHB å gjera, seier han.

Når den andre ambulansen som var på plass utanfor Sky Bar skal pakka saman og reisa, oppdagar dei ei stor og feit spyttklyse på frontruta som takk for hjelpa.

Kjetil Klungland og Oddgeir Østrem hjelper full mann i ambulanse

MÅ SAMARBEIDA: For å vera sikre på at ikkje polakken har sukkersjuke, og har fått føling, må Østrem og Klungland ta ein blodprøve av han. Dette viser seg å bli vanskeleg sidan mannen er svært lite samarbeidsvillig. Når dei endeleg får tatt blodprøven, viser den eit normalt blodsukkernivå. Mannen er med andre ord 'berre' full.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er jobben vår, me må halda ut

Før kvelden er omme for Klungland og Østrem må dei frakta to til overstadige pasientar til legevakta. Dei må også rykka ut på eit nachspiel utanfor sentrum.

– Det verkar på meg som om jobben de gjer i Sentrum ein laurdagskveld er lite takksam, stemmer det?

– Ein prøver jo å ikkje høyra på dei som roper ting til deg. Eg tenker vel berre at dei ikkje veit betre. Eg synest i alle fall ikkje det er fortent. Men sjølv om dei er forbanna i dag, kan det hende dei sender ein takksam tanke i morgon, seier Østrem etter ei hard vakt.

Helg etter helg ser dei to det same om og om igjen:

– Det er berre ulike fjes og ulike stader i byen, seier skiftleiaren.

– Kva er det som gjer at de held ut?

– – Det er jobben vår, me må halda ut, seier Østrem.

Klungland er samd men legg til at det er meir med yrket enn ein laurdagskveld.

– Årsaka til at me held ut er jo også alle dagane som er mellom ein laurdag og ein fredag. Her er det kjekke oppdraga med medisinske utfordringar, framfor oppdrag der hovudfokuset blir å halda andre folk unna, seier han.

– Også er det godt å vita at det er seks veker til neste gong, seier Østrem før dei to kollegaene trer av tidleg søndag morgon.

Full mann får hjelp av politi og ambulanse

LYSGLIMT: Her må dei to hjelpa ein som har gått på ein smell og drikke for mykje. Verken han eller kameratane er aggressive eller fiendtlege mot ambulansepersonellet eller politiet. – Denne type oppdrag er heilt ok, å drikka for mykje kan skje den beste, seier Østrem.

Foto: Mathias Oppedal / NRK