Hopp til innhold

Egersund prega av dødsfallet

Svært mange møtte i dag opp for å ta ein siste farvel med Espen Aase som blei funnen død i ei leilegheit i Egersund første nyttårsdag. Kva som førte til dødsfallet er framleis ukjent.

Gravfølgje i Egersund

EGERSUND: I dag blei Espen Aase (23) gravlagt i Egersund. Det er framleis ikkje kjent kva som skjedde før dødsfallet som skjedde natt til første nyttårsdag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Det var ikkje plass i kapellet som vanlegvis blir brukt til gravferder i Egersund, då 23 år gamle Espen Aase i dag skulle gravleggjast.

Dermed blei Egersund kyrkje nytta, og det store gravfølgje med mange unge folk gjekk gjennom sentrum og vidare ut til gravplassen.

Det er nå ei veke sidan den unge mannen blei funnen død i leilegheita til ein 78 år gamal mann i Strandgaten. Obduksjonsrapporten syner at han døde på grunn av blodtap, men kva som skjedde før dødsfallet er framleis ikkje kjent.

78-åringen var skadd då han blei funnen, og er framleis ikkje i god nok stand til å gje ei forklaring på kva som har skjedd.