For tre veker sidan fekk 138 tilsette i ladeselskapet Easee varsel om permittering.
Tysdag har permitteringane tredd i kraft.
– No er vi tilbake frå ein velfortent påskeferie, og stemninga er god, men mange tenkjer nok på dei som er permitterte. No fokuserer vi på jobben med å snu skuta slik at dei permitterte kan komme tilbake, seier kommunikasjonssjef Kenneth Bjerga til NRK.
Dei er førebudde på at saka kan ta tid, og ifølgje Bjerga har dei sett i verk nødvendige tiltak deretter.
– Det er derfor vi har permittert mange tilsette og kutta kostnader. I tillegg er vi i ein prosess der vil søker å få inn meir kapital, seier han.
Håpar fleire land gjer eiga gransking
No blir det også jobba med å unngå at fleire land stansar salet av det som truleg er verdas mest selde elbilladar.
Førre veke kunne Stavanger Aftenblad melde at det no også går mot eit mogleg salsforbod i Nederland.
Ifølgje Bjerga i Easee veit dei ikkje noko meir om dette før neste veke.
Han er heller ikkje kjend med at andre land har følgt etter svenske styresmakter.
– Vi er i dialog med styresmakter i fleire land og har tilbode dei ein fyldig dokumentasjonspakke. Vi ønsker at fleire land skal gjere som Noreg og starte si eiga gransking, seier han.
Kenneth Bjerga, kommunikasjonssjef i Easee.
Foto: Tom Edvinsen / NRKInnanfor delar av EU sine eigne forvaltningsorgan er det reglar om at vedtak i eitt land, også er gjeldande i andre statar.
I andre delar av forvaltningsretten er det ikkje slik at du er rettsleg forplikta til å følge etter. Altså at ein kan ta eigne vurderingar.
I Noreg har dei som Bjerga seier, sett i verk ei eiga gransking.
Kan reddast av norske styresmakter
John-Eivind Velure er avdelingsdirektør i Nkom, og forklarer at det i utgangspunktet er slik at eit vedtak i eit EU/EØS-land må følgjast opp i alle andre medlemsland.
– Når det er gjort eit vedtak i eit land, blir det oppretta som blir kalla ein Safe Guard-prosess i EU. Det inneber at dei enkelte medlemslanda kan gjere sine eigne vurderingar og melde utfallet av desse til Europakommisjonen innan 90 dagar, skriv Velure til NRK.
Dersom eitt eller fleire land protesterer på den svenske avgjerda, skal EU-kommisjonen gå i dialog med medlemsstatane og aktøren som har fått vedtaket retta mot seg, og evaluere tiltaket frå svenske styresmakter.
John-Eivind Velure, avdelingsdirektør i Nkom.
Foto: Victoria Marie Nordahl / NRKMed bakgrunn i resultatet skal kommisjonen avgjere om vedtaket frå svenske styresmakter er på sin plass eller ikkje.
– Viss kommisjonen kjem til at vedtaket er på sin plass, vil dei andre medlemslanda få ei plikt på seg til å følgje dette opp i dei nasjonale marknadene sine. Kjem kommisjonen til at vedtaket ikkje er på sin plass, vil svenske styresmakter måtte trekkje tilbake vedtaket sitt, seier han.
Nkom har varsla at dei vil ha klar si eiga gransking av Easee-ladarar i mai.
Bjerga seier til NRK at dei no håpar at andre land er usamd med svenskane, men innrømmer at selskapet ikkje har vore gode nok på dokumentasjon.
– Vi reknar sjansane for at andre land er usamde med svenskane som stor. Gjennom innovasjon har vi alltid sett tryggleik først, men vi har ikkje vore gode nok på dokumentasjon. Produkta våre blant dei tryggaste på marknaden, og det trur vi andre land vil sjå når dei les dokumentasjonen og gjer eventuelle testar, seier han.
Easee sin ladeboks er blant dei mest selde ladeboksane i verda.
Foto: Tom EdvindsenLanserte produkt i Storbritannia
Men det er eitt område der Easee framleis kan satse for fullt.
Storbritannia.
Nyleg blei det kjent at Easee lanserte eit tilleggsprodukt kalla Easee Equalizer i Storbritannia.
Med ein slik Equalizer unngår du straumbrot og overbelastning når du ladar elbilen din.
Ifølgje Easee gjer denne at du både kan lade smartare, tryggare og raskare.
Det er eit enormt potensial i marknaden i Storbritannia. Berre det siste året har talet på elbilar vakse frå 395.000 til 690.000 bilar, ifølgje nettstaden Zapmap.
Storbritannia har varsla forbod mot sal av nye, reine fossilbilar i 2030. I september 2022 var det registrert 33,1 millionar bilar i landet.
Trygve Harlem Losnedahl, doktorgradsstipendiat i Senter for Europarett.
Som mange kanskje har fått med seg, har Storbritannia gått ut av EU og EØS-avtalen.
Kan vere ei luke
Men å satse i Storbritannia kan vere ei luke for norske selskap som blir underlagde salsnekt i EØS-land.
– Storbritannia er ikkje underlagt same reglar, og Storbritannia og Noreg har ikkje lenger det nære samarbeidet på forvaltningsnivå, seier Trygve Harlem Losnedahl doktorgradsstipendiat i Senter for Europarett.