Trafikken stod lenge på begge sider av fylkesgrensa. Klokka 19:30 måndag kveld fekk politiet og Vegvesenet melding om eit steinras, på E39 mellom Moi og Sira.
Klokka 20:48 vart vegen opna igjen.
Vakter frå Vegvesenet holdt vakt på staden i natt for å sjå om det kom meir stein frå ura ved vegen. Vegen kan bli stengt på kort varsel.
Tysdag skal også ein geolog sjå på rasstaden.
– Det er ikkje noko som tyder på at det kjem ned meir stein, og vêrmeldinga framover er god. Statens vegvesen vil likevel har ein geolog til å vurdere fjellet så fort som råd, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Oscar Walskaar.
Jan Bjørn Isaachsen køyrde fordi staden rundt klokka 19.40.
– Det var kanskje 8–10 steinar som låg over ein strekning på 200 meter. Eit par trailerar byrja å køyra forbi, og då la eg meg bak. Når det først har gått steinras, så kan det koma meir, så det var greitt å koma seg vekk derifrå. Det gjekk heilt fint å køyra forbi, seier han.