Hopp til innhold

Dyrlege fortviler over «kvalpefabrikkar»: – Dei spyr ut hundar

Dyrlege Marit Johanne Apeland slår alarm om såkalla kvalpefabrikkar. – Vi er mange som er veldig fortvila, seier ho.

Dyrlege Marit Johanne Apeland

BEKYMRA FOR DYREHELSA: Dyrlege Marit Johanne Apeland ved Dyrlegen på Ålgård meiner kvalpefabrikkar er svært problematiske. Ho ser fleire hundar med dårleg helse.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Nokre er heilt øydelagde i ryggen, andre har problem med skjelettet sitt. Nokre strever med å puste.

Dette er blant plagene dyrlege Marit Johanne Apeland ser hos stadig fleire hundar. Ho meiner den dårlege helsa er eit resultat av useriøs hundeoppdrett.

– Vi er mange som er veldig fortvila over desse hundane som blir spydd ut av kvalpefabrikkar. Det er altfor god økonomi i å produsere hundar. Ein oppdrettar kan ta 20-30.000 kroner for ein hund, seier Apeland.

Etterspørselen etter hundekvalpar har eksplodert det siste året. Men det er ingen formelle krav til dei som vil drive med avl på hund.

Og jakta på eit nytt familiemedlem kan gå for langt.

– Så lenge folk vil betale store pengar for slike hundar, er det økonomiske motiv for å halde fram med produksjonen. Så folk må slutta å kjøpe dei, seier Apeland.

Mattilsynet vil ha tips

Ho bruker ordet kvalpefabrikk om useriøse oppdrettarar som ikkje sjekkar om hundane har arvelege sjukdommar, og som set altfor mange kull på tispene.

Ho meiner også at hundane på ein kvalpefabrikk ikkje blir behandla skikkeleg mot parasittar, og at hundane er for mange på for liten plass.

Apeland seier at den som kjøper ein hund skal få sjå tispa og heile kullet.

– Viss du ikkje får lov til det, er det fordi oppdrettaren har noko han eller ho ikkje vil vise fram. Da styrer du unna.

Dyrlege Marit Johanne Apeland

Marit Johanne Apeland og hunden Luffi, som er til kontroll. Apeland er fortvila over kvalpefabrikkar.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Hos Mattilsynet har dei inga oversikt over dei som driv med oppdrett av hund.

– Vi er heilt avhengige av at publikum melder frå til oss når dei er bekymra eller har dårlege opplevingar, seier inspektør Ann-Therese Kommedal i Mattilsynet.

Ann-Therese Kommedal i Mattilsynet

Ann-Therese Kommedal i Mattilsynet.

Foto: Ninni Therese Rogne Nilsen / NRK

NRK har kontakta fleire oppdrettarar, men ingen av dei vil stille til intervju om saka.

– Heilt forferdeleg

Tysdag kveld la Apeland ut eit innlegg på Facebook om problema knytt til kvalpefabrikkar.

Innlegget har skapt stor debatt. Apeland trur folk må bli klar over problemet.

– Folk tar den første og beste og betaler det seljaren vil ha. Dei er naive og godtruande og kan ikkje sjå for seg at folk er så vonde at dei behandlar hundar slik.

Dyrlegen på Ålgård

Dette er deler av innlegget som Apeland skreiv på Facebook. Det har blitt mykje delt og kommentert.

Foto: Skjermdump fra Facebook

Hundeeigar Henrik Anda er på kontroll hos dyrlegen med hunden sin Luffi. Han likar dårleg å høyre om kvalpefabrikkane.

– Det er heilt forferdeleg. Alle vi som har dyr vil jo at dei skal ha det best mogleg, seier han.