NRK Meny
Normal

– Nokon knekk føtene på kattane

Minst tre kattar har blitt observert på Bryne med føter som berre dinglar etter skinnet, ifølgje Dyrebeskyttelsen Nord-Jæren. Ein har blitt avliva.

Dyreplageri på Bryne

Dette er den einaste av minst tre kattar som Dyrebeskyttelsen Nord-Jæren har klart å fanga. Leggbeine er brote tvers av, og den har gått med skadane lenge. Derfor blei den levert inn til avliving.

Foto: Dyrebeskyttelsen Nord-Jæren

Det er Jærbladet som i dag melder at fleire kattar i Bryne truleg har blitt mishandla. Felles for alle er at dei haltar rundt på tre bein, den fjerde foten er knokken eller kappa.

– Eg forstår det ikkje, men det er nok mest truleg nokon som er irritert på villkattar som skit i hagane eller noko, og som derfor knekk føtene på dei, seier Aud Haugstad i Dyrebeskyttelsen Nord-Jæren.

Dei har fått fatt i ein av kattane med hjelp av ei kattefelle.

– Det eine leggbeinet var knokke tvers av. Me leverte den til dyrlege som avliva den. Katten må ha hatt enorme smerter, seier Haugstad.

Ho har varsla Mattilsynet, som også betalte for avlivinga. Mattilsynet opplyser til Jærbladet at dei vil be Dyrevernnemnda om å prøva å fanga dei andre skadde kattane.

Dyrebeskyttelsen Nord-Jæren ønsker tips dersom nokon veit noko om saka. Dei har ikkje meldt saka til politiet, då dei framleis meiner dei har alt for lite konkrete opplysingar.