NRK Meny
Normal

No er Stavanger dyrast i landet

Det er dyrast å leige seg bustad i Stavanger. Prisane har gått kraftig opp frå førre månad.

Stavanger

DYRT: Det er dyrt å leige seg bustad i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I mai 2014 kosta det i snitt 15454 kroner å leige ein 3-roms leilegheit i Stavanger, det er ein oppgang på 11,8 frå månaden tidlegare. Samanlikna med same månad i fjor er det ein oppgang på 6,5 prosent, det viser tal frå Utleiemegleren.

Lågare priser enn i fjor

Dermed er Stavanger Norges dyraste by å leige seg ein bustad, tett følgt av hovudstaden.

– Det er framleis mange ledige bustader og prisane ein oppnår ligg gjennomgåande noko lågare enn kva me oppnådde på same tid i fjor. Men enkelte husleiger trekk gjennomsnittet opp, seier dagleg leiar for Utleiemegleren Stavanger, Eirik Hauge i ei pressemelding sendt ut av Utleiemegleren.

Han fortel også at leigetakarar tek seg betre tid og vel gjerne nyare bustader med god standard framfor dei med dårlegare kvalitet.

– Når det gjeld større einebustader ser me at me oppnår gode prisar på dei med høg standard og god plassering, legg han til.