Dynamitt-evakuerte får flytta heim att

Dei evakuerte etter at politiet fann dynamitt i eit bustadområde i Eigersund i Rogaland får nå flytta heim att.

Gerhard Haaland

Gerhard Haaland var ein av dei evakuerte i Grønedalen i Eigersund. Han er letta over å kunne flytta heim att.

Foto: Øystein Ellingsen

Det var fredag politiet utførte ei ransaking av eit bustadhus i Grønedalen i Eigersund. I samband med dette blei dei funne dynamitt i huset.

Fem hus blei etter dette evakuerte fordi politiet vurderte dynamitten til å vera utstabil og farleg.

– Blir tatt bort og destruert

Etter hjelp frå fagpersonell i Oslo politidistrikt, klarte politiet i 12.30-tida laurdag å fjerna sprengstoffet.

– Dynamitten blir tatt bort og destruert. Det betyr at eksplosjonsfaren er over, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Svein Kjetil Larsen.

(Artikkelen held fram under kartet)

Letta over at sprengfaren er over

Dei evakuerte får nå flytta tilbake til heimane sine. Blant dei er Gerhard Haaland.

– Eg er letta over at me kan flytta tilbake att. Dette er eit stille bustadfelt, eg hadde ingen mistanke om at det kunne vera sprengstoff her.

– Kva tenkjer du om at det har blitt oppbevart usikra sprengstoff i nabolaget ditt?

– Dette er eit eingongstilfelle og eg trur ikkje det er nødvendig å vera ekstra på vakt framover, seier han.

Politiet kan førebels ikkje seia noko om bakgrunnen for at dynamitten blei oppbevart i huset.

Funn av sprengstoff

Fem hus blei evakuerte i Eigersund etter funn av sprengstoff.

Foto: Øystein Ellingsen