NRK Meny
Normal

Dykkar blei sitjande fast under vatn

Ein mann (22) frakta til Haukeland sjukehus i Bergen med kritiske skadar etter ei dykkarulukke ved verftet Westcon i Vindafjord i dag tidleg.

Arbeidsulukka skjedde i samanheng med arbeid på ein rigg som ligg ved Westcon sitt verft i Ølensvåg.

Fekk dykkaren på land

Dykkaren, ein mann som er 22 år, blei sitjande fast under vatn då han utførte ein jobb. Politiet blei varsla i åttetida.

– Kollegaer fekk han på land før politi og helsevesen kom på staden. Då blei han sendt til Haukeland sjukehus i Bergen med kritiske skadar, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, avdeling Haugesund, Jarle Utne Reitan.

Mannen er under behandling

– Var det vitne til hendinga?

– Me har sett i gang rutinemessig etterforsking av hendinga. Me gjer avhøyr av dei som var saman med han og sikrar oss dei nødvendige loggane som er tilgjengelege.

Klokka 11 sende Haukeland sjukehus ut pressemelding om at mannen er under behandling. Han er framleis er kritisk skadd.

Mannen jobba for eit lokalt firma som utførte arbeid for Westcon, skriv lokalavisa Grannar.

I ei pressemelding skriv Westcon at arbeidet på riggen er mellombels stoppa.