Hopp til innhold

Dumpa 18 000 tonn stein utan lov

Eigersund kommune dumpa 18 000 tonn stein på eit jorde dei har leigd ut, utan å ha lov.

Sprengstein på Slettebø

BLIR KANSKJE LIGGJANDE I EITT ÅR: Kommunen innrømmer at det gjekk litt fort i svingane når dei la steinen her.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Eigersund kommune sikra seg i fjor haust 18.000 tonn med sprengstein og plasserte den på Slettebø. Steinen skulle brukast til ny gang- og sykkelsti langs fylkesveg 42, der steinmassen ligg no, men politikarane stemte ned forslaget om ny gang- og sykkelsti. Dermed blir ikkje kommunen kvitt massen, som no ligg i ein åker.

– Har gått litt fort i svingane

Prosjektleiar for veg og utemiljø i Eigersund kommune, Mats Nergård, innrømmer at kommunen har gått feil fram.

Mats Nergård

– HAR SKJEDD EIN GLIPP: Mats Nergård, prosjektleiar for veg og utemiljø i Eigersund kommune.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det vart avklart med grunneigar, det vil seia Eigersund kommune, men det vart ikkje avklart med dei som forpakta jorda.

– Så det er altså lagt på ein eigedom som var leigd ut til andre føremål?

– Ja.

Kommunen har leigd ut jorda til eit ektepar. Ekteparet nyttar i dag jorda til fôrproduksjon, og har ikkje vore tilgjengelege for kommentar.

– Kva fortel det publikum, kan dei og gjera slik?

– Nei, her har det vore ein glipp frå kommunen si side der me ikkje har kontakta dei som forpaktar området, og det er sjølvsagt litt beklageleg. Men her har ting skjedd fort med dei beste intensjonar.

– Bør vera best i klassen

Johan Norum

LIKAR DET IKKJE: Johan Norum, fagkonsulent hjå landbrukssjefen i Eigersund og Sokndal.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Kommunen hadde ikkje dei naudsynte løyvingane til å dumpa massen på jordet. Det tykkjer landbruksmyndigheitene lite om.

– Kommunen bør eigentleg vera best i klassen når det gjeld å ha orden i sysakene i landbrukssektoren, seier fagkonsulent Johan Norum hjå landbrukssjefen i Eigersund og Sokndal.

Steinen skal etter planen brukast til andre prosjekt.

– Den massen skal brukast til dømes til den nye barnehagen på Slettebø, det er berre 150 meter i luftlinje, så då har ein veldig nærliggjande masse som er rimeleg. Me brukar om lag 1000–1500 kubikkmeter til barnehageprosjektet.

Må vekk innan eitt år

Då ligg det att 4000 kubikkmeter stein. Nå har planteknisk utval bestemt at massen må vekk uansett innan eitt år, seier leiar Bjørn Reidar Berentsen.

– Massen kan bli liggande til april neste år.

– Dersom kommunen ikkje klarar å rydda opp i dette innan eitt år, kva skjer då?

– Dei ska klara å rydda opp. Dei får ikkje lengre dispensasjon på det seier leiaren.

Hjå landbrukssjefen er det ikkje stemning for å la det skje.

– Nei, me ser jo helst det at når landbruksareal blir brukt til andre forhold enn landbruk, så bør det avklarast med landbruksmyndigheitene på førehand, seier Norum.