Hopp til innhold

Duka for ny Dybdahl-haust

Han får passet påskrive dersom han kjem med ny musikk på våren. Det er nemleg på hausten det melankolske publikum vil høyra på Thomas Dybdahl.

Thomas Dybdahl spiller direkte i studio.

Høyr Thomas Dybdahl spela direkte i studio til NRK Rogaland.

Først på måndag er duka for plateslepp for Thomas Dybdahl. Men alt nå får du servert smakebitar frå den nye plata «What's Left Is Forever».

Fredag var sandnesartisten gjest i radiostudio til NRK Rogaland og her (trykk på ingressbilete) høyrer du kva han serverte radiolyttarane live.

Sjette album

Det er nå gått tre år sidan førre plateutgiving frå den populære melankolikaren. «What's Left Is Forever» er Dybdahl sitt sjette soloalbum.

Musikkmeldarane har alt trilla høge terningkast, og både VG og Dagbladet gir albumet terningkast fem.

Hausten er blitt årstida for Thomas Dybdahl, som også har prøvd å gi ut musikk på andre årstider.

– Eg merkar dersom eg kjem med noko på vårparten. Då er det folk som seier rett ut at musikken ikkje passar for årstida, seier Dybdahl til NRK.no

Spelt inn i LA

Den nye plata er spelt inn i Henderson Studios i Los Angeles i USA, der Dybdahl har jobba med den kjende produsenten Larry Klein.

Klein debuterte som produsent for Joni Mitchel, og har seinare jobba for fleire suksessrike artistar.

Songane har Thomas Dybdahl skrive i ei lita hytte i kolonihagen sin i Stavanger.

– Det var ei lang rekke tilfeldigheiter som gjorde at eg hamna i LA. Plata er spelt inn på ei veke med flotte musikarar. Tida var knapp, men det var intenst og veldig gøy, seier Dybdahl.

Thomas Dybdahl er klar med ny plate til høsten, hvor alle tekstene er skrevet i Kolonihagen i Stavanger.

Sjå reportasjen frå april der Dybdahl fortel om skriveverkstaden sin i kolonihagen.