Hopp til innhold

Dugnad frå heile verda

Om lag 40 turistar frå heile verda har pussa opp den gamle krafthallen i Flørli i Lysefjorden. Turistane jobbar som heltar, men mottar ikkje ei krone i løn.

Internasjonal dugnadsgjeng i Fløyrli, Lysebotn

Internasjonal dugnadsgjeng i Flørli, Lysebotn.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Opphaldet har vore endå betre enn kva eg venta meg! Det er massevis jobb og vêret er ikkje alltid det beste. Men også mange pausar og mange hyggelege menneske å bli kjent med.

Dette seier Penny Garner frå England. Ho er i reiselivsbransjen der også og driv utleige av overnattingsstader. Jobben ho har i England er å vera vertskap for turistar. Men i Flørli og Lysefjorden jobbar ho gratis mot å få gratis mat og overnatting på staden.

Noko heilt nytt

– Det er første gong i år at organisasjonen Lysefjorden Utvikling prøver seg på dette konseptet, og hittil har det gått bra.

Audun Rake, dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling

Audun Rake, dagleg leiar i Lysefjorden Utvikling.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dagleg leiar Audun Rake, slår fast at dei neppe hadde vore i stand til å rehabilitera heile fasaden på den gamle krafthallen i Fløyrli, om det ikkje hadde vore for dei gratisarbeidande turistane.

– Det var ein av dei tilsette som kjente til at dette konseptet fungerer i Sveits og Austerrike, fortel Rake.

– Han fann fram til rette staden på internett og då utlysinga var gjort kom det mange fleire svar enn dei om lag 40 me har tatt imot.

God stemning

Arvid Oaland er arbeidsformann og tilretteleggar for både arbeidsoppgåver og den sosiale biten.

Den gamle krafthallen i Fløyrli i Lysefjorden

Den gamle krafthallen i Flørli i Lysefjorden, som nå er nyoppussa.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det har kome ei ny gruppe om lag kvar andre veke, fortel han. – Det tar eit par dagar å gå seg til for dei nye som kjem, men deretter går det av seg sjølv, seier Oaland

Favorittlandet

– Eg elskar Norge. Berre sidan 2011 har eg vore her sju gonger.

Det er Margareta Kock frå Tyskland, som slår fast dette. Mannen hennar budde i Norge ei stund for fire år sidan og etter det har Norge blitt favorittlandet deira.

– Eg kjem sikkert tilbake neste år også, slår Margareta fast.

Den internasjonale dugnadsgjengen

Framme frå venstre: Penny Garner, Michael Klinger, Arvid Oaland, Lisa Bartelt, Jay Vaes og Margareta Kock

Foto: Ingvald Nordmark / NRK