Normal

Felles innsats for fotballhall

20 traktorar møtte opp:– Heilt magisk dugnadsand!

Stor dugnad for Havdur IL sin nye idrettshall.

20 traktorar møtte opp for å setja i gang arbeidet med ny fotballhall.

– Me er enormt stolte av stå-på viljen og dugnadsanda til Sørabygda, seier Magnar Helland som er leiar i Havdur idrettslag og medlem i den ambisiøse byggjekomiteen.

Klar til neste år

Han kikar nøgd på den imponerande paraden av 20 traktorar som har møtt opp på Tjelta.

Arbeidet med den nye fotballhallen til klubben i gang, og 29. oktober 2016 skal byggjet til 15 millionar kroner stå klar.

Dugnaden er eit samarbeid mellom Havdur idrettslag, Stangeland Maskin AS og Sola Kommune.

– Heile bygda skal kunne bruke denne hallen. I utgangspunktet er det ein fotballhall, men me skal ha eit påbygg med både treningssenter og klubbrom i tillegg, så her kan alle trena og det kan òg brukast til møter, bursdagsfeiringar og liknande, seier ein entusiastisk Helland.