Det var ein turgåar som såg at det låg ein livlaus vaksen mann i vatnet. Turgåaren klarte sjølv å få personen på land, og melde deretter frå til politiet, like etter klokka 0930, laurdag føremiddag.
Politiet driv nå ytterlegare undersøkjingar i området rundt Vannassen i Stavanger.
Foto: Kaj Hjertenes / NRKDå helsepersonell kom til staden, kunne dei raskt slå fast at personen var drukna.
– I løpet av dagen har politiet funne ut kven dei trur mannen er. Pårørande er også varsla, opplyser politiadvokat Trude Sem Langfeldt i Sør-Vest politidistrikt, laurdag kveld.
Deler av området rundt Vannassen blei sperra av, og politiet dreiv med etterforsking ut over laurdagen.
Vannassen er ei tjørn i nærleiken av Kristianlystområdet i Stavanger. Det er gangsti rundt vatnet.
Truleg ikkje noko straffbart
Tidlegare på dagen, klokka 11.15, opplyste politiet at det ikkje var noko som gav tydlege signal på at det hadde skjedd noko straffbart i samband med drukninga.
– Det me hittil veit om hendinga, tyder ikkje på at det står nokon gjerningsperson bak, seier Victor Fenne-Jensen i Sør-Vest Politidistrikt.
Politiet ønskjer likevel å koma i kontakt med folk som har sett eller høyrt noko i området rundt Vannassen i Stavanger, natt til laurdag, eller tidleg på føremiddagen, laurdag..
Bårebilen køyrer vekk frå Vannassen med den drukna mannen, like etter klokka 11, laurdag føremiddag.
Foto: Kaj Hjertenes / NRK