Hopp til innhold

Droppar trolleybussen dei vedtok i haust

Det blir visst ikkje trolleybuss på Nord-Jæren likevel. Arbeidarpartiet trur meir på batteridrivne bussar, og fleirtalet stiller seg bak.

Trolleybuss i Hillevåg

Slik såg politikarane føre seg ein trolleybuss i Hillevåg i Stavanger.

Foto: Rogaland fylkeskommune/Illustrasjon

– Me gjekk litt vel fort fram i haust, seier Andreas Bjelland Eriksen, samferdselstalsmann i Ap i fylket.

I september i fjor gjekk fylkespolitikarane inn for at busswayen på nord-Jæren skulle gjerast om til trolleybuss-veg. Då hadde dei også Fylkesrådmannen i ryggen.

Men nå har Arbeidarpartiet tenkt seg om ein gong til og meiner at batteribussar er eit betre alternativ.

Andreas Bjelland Eriksen

Andreas Bjelland Eriksen, samferdselstalsmann i Arbeiderpartiet i fylket.

Foto: AUF

– Eg meiner framleis at trolleybuss var det beste vedtaket me kunne ha gjort då, men nå ser me at det er på tide å stille nokon spørsmål om teknologival ein gong til. Me ser gode eksemplar fleire stader i verda på at batteridrift kjem, seier Bjelland Eriksen.

Trur batteridrift er verdt å vente på

I haust vedtok fylkespolitikarane at busswayen på Nord-Jæren, skulle bli ein trolleybuss-veg, med leidningar og master. Då vurderte administrasjonen det slik at batteridrift var ein for usikker teknologi å satse på fram mot 2021, når busswayen skal stå ferdig. Det var politikarane samde i, men nå har arbeidarpartiet og truleg også fleirtalet, tenkt ein gong til.

– Dersom me vi må vente eit halvt år på reine batteribussar i staden for leidningar i lufta og trolleybuss, trur eg det er eit halv år som innbyggjarane på Nord-Jæren er villige til å venta, seier han.

Arne Bergsvåg, leiar i Samferdsleutvalet (Sp), seier at han også vil sjå på andre alternativ enn trolleybuss.

Ber staten sikre kollektivstrekninga til nytt sjukehus

Og når først spørsmålet om å droppe trolleybuss-teknologien kjem opp, så opnar Ap også for å tenkje nytt om kollektivtilbodet til Ullandhaug, der staten har vedtatt at det nye sjukehuset skal plasserast.

– Dersom 20–30 000 skal reise til og frå sjukehuset utan å ha eit godt utbygt kollektivsystem vil det vere ei utfordring, seier han.

Om det då skal bli skjenegåande trafikk til Ullandhaug, eller breiare vegar med eigne kollektivfelt i området, det vil ikkje Andreas Bjelland Eriksen gå inn på. Men innsparinga ved å kutta trolleybuss-leidningane, saman med at staten tar ansvar for at det er dei som har plassert sjukehuset på Ullandhaug, bør kunne finansiere ei kraftig kollektivsatsing her, meiner han.

– Då vil det vera naturleg at det er fylkeskommunen, i eit samarbeid med staten, som tek oppgåva og finn ei god løysing for det nye sjukehuset på Ullandhaug, seier Bjelland Eriksen.

Trolleybuss i Stavanger sentrum

Ein trolleybuss ved Breiavatnet i Stavanger sentrum.

Foto: Rogaland fylkeskommune