NRK Meny
Normal

Brannen på Orre er sløkt

Brannmannskap jobba i natt for fullt med å sløkka brannen i ein driftsbygning på Orre. Det var store materielle verdiar inne i bygget, men ingen menneske eller dyr kom til skade skadde.

Laster kart, vennligst vent...

Det var på Orre i Klepp kommune at det tok fyr i ein driftsbygning torsdag kveld.

Det var klokka 21:37 torsdags kveld at brannvesenet fekk melding om ein brann i Saltevegen på Orre i Klepp. Det var ein stor driftsbygning på tre mål som stod i brann.

Fredag morgon melder politiet at brannen blei sløkt klokka 02.30 i natt.

– Brannen blei sløkt før den spreidde seg til heile bygget. Nå må det luftast godt før me kan gå i gang med dei branntekniske undersøkingane, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Henning Andersen.

Laster Twitter-innhold

Store verdiar

Brannvesenet rykka ut med mannskap frå både Time, Hå, Klepp og Sandnes.

– Me fekk melding om at det var ein stor brann, og på det tidspunktet visste me ikkje om det var dyr inne i bygningen, difor rykka me ut med såpass mykje mannskap, vaktleiar i Rogaland brann og redning, Svein Nesse.

Det viste seg å ikkje vera dyr inne i bygningen, og ingen personar er skadde, men det er fleire traktorar og maskinar til høge verdiar i bygget. I tillegg er det også store mengder med høy.

Skadeomfanget av brannen er ikkje kjent, og politiet kjenner heller ikkje til brannårsaka.