NRK Meny
Normal

Draumebustaden til 7,8 millionar var ulovleg å bu i

Fira månadar etter innflytting i ny bustad fekk sambuarparet skrekktelefonen frå kommunen: «Det skal ikkje bu folk i huset».

 I tre år har paret kjempa ein kamp mot seljar av huset.

MARERITTKJØP: Glenn og Ida Sinnes kjempar ein kamp mot seljar og utbyggjar av huset dei kjøpte til 7,8 millionar.

Foto: Erik Waage

– Det er vondt å komma heim. Me synest det er godt å gå på besøk, og me søker oss vekk frå huset når me kan, fortel Ida Sinnes mens ho kjempar mot tårene.

I tre år har kvardagen til familien vore prega av vanskelege konfliktar med seljar av huset, meklarfirma og kommunen.

Huset vart seld utan brukstillating. I tillegg oppdaga paret ei rekk feil med huset, som dei meiner seljar ikkje vil ta ansvar for. Dette har ført til rettslegetvistar og store økonomiske tap.

Paret har fått midlertidig brukstillating, men kjemper no ein kamp for å komme seg vekk frå mareritthuset.

Kjempar

TØFF KVARDAG: Paret har brukt opp alle sparepengane på konflikten med seljar.

Foto: Erik Waage

Fryktar for sikkerheita til borna

Paret føler seg lurt og dårleg behandla av seljar som også bygde huset.

– Me har mista teljinga på det som ikkje stemmer overeins med opplysingane som me fekk då me kjøpte huset, seier Ida Sinnes, fortvilt.

Dei viser mellom anna til:

  • Slukar på bad er bygd inne, som føre til fare for overfløyming ved lekkasje.
  • Barna kan klatra rett opp på taket frå terrassen i 2. etasje.
  • Manglande ventilasjonsrøyr i heile huset.
  • Kjøkkeninnreiing utan fester.
  • Huset stemmer ikkje overeins med godkjente byggteikningar.
Tøff start

UTRYGT: småbarnsforeldra meiner at huset ikkje er sikra etter lovverket.

Foto: Erik Waage

I dag går all kommunikasjon mellom seljar og småbarnsforeldra via advokatar. Alle sparepengane har gått til advokat og sakskostnader i rettslegetvistar.

– Dette er steintøft. Me har to små born som me vil skåna. seier Glenn Sinnes.

– Useriøs seljar

Utbyggjar og seljar vil ikkje kommentere saka. Mens via hans advokat får NRK desse opplysningane:

«Seljar har i denne tvisten forsøkt så godt som mogleg å imøtekomme krav frå kjøper for å få avslutta saka. Det har likevel vist seg å vere svært vanskeleg å komme til ein semje mellom partane.»

Glenn og Ida Sinnes kjempar ein kamp mot seljar av huset, som dei kjøpte for 7,8 millionar.

HAR HÅP: Glenn og Ida Sinnes, håpar saka snart vert løyst, slik at dei kan starta å leva igjen.

Foto: Erik Waage

– Det har vore veldig tungt å forholda seg til ein så useriøs seljar. Han har drive byggfirma i mange år og bør vite betre, seier Glenn Sinnes.

– Me håper at kommunen set seg inn i saka, og at dei ser at det er så mange feil og manglar at dei tar den brukstillatinga me har no. Då kan me få heva kjøpet gje borna våre det livet dei og me fortener.

Usikker framtid

Tre år etter at huset stod ferdig kan Sandnes kommune enno ikkje godkjenne det. Grunnen er at dei manglar dokumentasjon som viser at det er bygd etter forskriftene.

Ein kommune skal følge opp at utbyggjar føl lovar og forskrifter under ein byggeprosess.

Byggesaksjef

TAR TID: Byggesakssjef i Sandnes Kommune Mette C. Brox, Håper at konflikten løyser seg snart for alle partar.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me har gjeve seljar den tida me meiner er naudsynt, for å få inn god nok dokumentasjon i denne saka, seier byggesakssjef i Sandnes kommune Mette C. Brox, som forsvarar tidsbruken til kommunen.

– Stort problem

I Noreg er det svært mange konfliktar ved sal og kjøp av bustad. Ein av fire bustadkjøparar meiner dei har grunn til å klaga på huskjøpet.

– Dette er eit stort problem, og det blir stadig fleire som oppdagar feil ved bustaden som dei klagar på, seier Advokat Geir Dahlskås, i Boligadvokatene.

– Unnskyld

Aktiv Eiendomsmegling hadde ansvar for handelen mellom seljar og kjøpar. Men dei braut reglane i ein kontrakt som dei sjølv utarbeida.

– Me synest det er sterkt beklageleg at kjøper har hamna i denne kjedelege situasjonen, seier dagleg leiar i Aktiv Eiendomsmegling Nord-Jæren, Ronny Skjøtskift.

Selskapet meiner dei er ferdig med saka, og at den no står mellom seljar og kjøpar.

Kosta dyrt

VIL VEKK: Trass flott utsikt håper familien at dei kan få heva kjøpet.

Foto: Erik Waage