Av
Alvorleg sak
Lensmann Bjørn Harding Karlsen i Sauda og Suldal stadfestar at det er sendt to brev med drapstruslar. Saman med breva låg det to små smørknivar. Lensmannen seier dei tek breva på alvor og etterforskar sakene.
Sentralt vitne
Den eine personen som har motteke drapstrussel skal vere eit sentralt vitne i saka med ordføraren i Suldal. Ordføraren skal vere sett i hagen til ei kvinne i Sauda. Han har i følge politiet status som mistenkt i saka som gjeld sjikanering av kvinna gjennom halvtanna år.