NRK Meny
Normal

Drapstiltalte i retten: – Det er det verste eg nokon gong har opplevd

På sin eigen 21-årsdag stakk han kurdiske Arman Palani med kniv, slik han døde. I dag forklarte den hovudtiltalte tsjetsjenaren seg om Dale-drapet i Jæren tingrett.

Dale-rettssaka

I dag byrja rettssaka mot fem tsjetsjenarar etter drapet på Dale asylmottak i Sandnes, 15 februar i år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tormod Haugnes

Aktor Tormod Haugnes spurde ut den drapstiltalte i Dale-saka i den første dagen saka er oppe i Jæren tingrett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Advokat Svein Kjetil Lode Svendsen

Forsvararen til den drapstiltalte, Svein Kjetil Lode Svendsen, spurde ut klienten sin.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Knivdrap ved Dale asylmottak i Sandnes

15. februar 2012 døde 17 år gamle Arman Palani etter eit slagsmål på Dale asylmottak.

Foto: Ronny Hjertås

Mannen som er tiltalt for drap i Dale-saken forklarte seg i Jæren tingretten i dag.

Det er frå tidlegare kjent at 21-åringen ikkje erkjenner straffskuld for å ha drepe Arman Palani, sidan han meiner han handla i nødverje.

Såg på nettet at ein var død

Det gjekk seks avhøyr før 21-åringen innrømma til politiet, at det var hans knivstikk som var årsaka til at den 17 år gamle kurdaren døde på Dale asylmottak 15. februar.

Likevel fortel han at han forstod dette etter kvart.

– Då eg kom heim til Stavanger, etter å ha vore på Dale, såg eg på nettet at ein person hadde blitt drepen på Dale. Etter kvart forstod eg at det måtte vera den same personen som eg stakk med kniv, sa han i tingretten i dag.

Han fortel at då han blei tatt av politiet om lag ein månad etter drapet, var klar over at det måtte vera han.

– Det verste eg har opplevd

– Tida etter dette gjekk opp for meg har vore den verste tida eg nokon gong har opplevd, sa han.

Årsaka til at han ikkje skal ha forstått konsekvensane av det han gjorde med ein gong skal vera alle personane som var involvert i slagsmålet på Dale, mørket som var der, den sjokkarta tilstanden hans og faktumet at den knivstukne sprang vidare etter han blei stukken.

Saka held fram under videoen.

To av dem fem tiltalte møtte ikke da rettssaken etter Dale-drapet i februar startet i Jæren tingrett mandag. En 21-åring er tiltalt som hovedmann, men mener han handlet i nødverge.

VIDEO: To av dei fem tiltalte møtte ikkje då rettssaka etter Dale-drapet i februar starta i Jæren tingrett måndag. Ein 21-åring er tiltalt som hovudmann, men meiner han handla i naudvergje. Foto: Ole Andreas Bø.

Årsaka til at han ikkje erkjende å ha stukke med kniv i avhøyr var frykt for at politiet ikkje skulle tru at han handla i nødverje.

Om sjølve knivstikkinga forklarar den drapstiltalte at han ikkje var klar over at han hadde stukke før ei lita stund etter det skjedde.

– Kom mot meg med ei kjøtøks

Etter kurdarane og tsjetsjenarane braka saman, som følgje av ei konflikt som stamma frå dagen før, forklarar den drapstiltalte at han stod eit lite stykke unna og såg på slåstkampen.

Dette var på den tiltalte sin eigen 21-årsdag.

– På eit tidspunkt kom ein kurdar ut frå gjengen som slåst. Han kom mot meg med ei kjøtøks heva over hovudet og sa noko på eit språk eg ikkje forstod. Eg tenkte 'Å gud, ikkje spring mot meg!', fortalte den drapstiltalte.

Tidlegare hadde han forklart at han hadde væpna seg med kniv, då dei oppdaga at kurdarane hadde knivar.

Kniven hadde han tatt frå bagasjerommet i bilen sin, grunnen til kniven var der var i samanheng med ei anna konflikt. Han frykta å koma i klammeri med Hells Angels, og seier at han derfor hadde kniven i bagasjerommet.

– Kjende ei frykt eg aldri har kjent liknande

– Då kurdaren kom mot meg kjende eg ei frykt som eg aldri har kjent liknande. 'Nå er livet ferdig', tenkte eg. Eg tok opp kniven eg hadde i lomma og heldt den i handa mi, seier han.

Han forklarer vidare at han tok eit steg til høgre like før Palani nådde fram til han, og at Palani derfor bomma.

– Han forsvann bak meg. Eg visste ikkje om han hadde treft meg. Etter ei lita stund forstod eg at eg ikkje var treft. Eg hadde heller ikkje kjent at kniven min var borti han, så eg trudde ikkje eg hadde treft han med den, seier han.

– Oppdaga eit tynt lag med blod på kniven

– Etter dette tok eg opp kniven min. Det var veldig mørkt, med berre eit svakt gult lys. Eg kunne sjå eit tynt lag med blod på kniven. Eg forstod at han var treft, men sidan han hadde sprunge vidare, tenkte eg at det ikkje var alvorleg.

Etter dette såg eg ein ung tsjetsjenar og ein kurdar springa litt vekk frå der slagsmålet skjedde. Eg tenkte eg måtte hjelpa tsjetsjenaren og sprang etter dei.

Han fortel at det var fleire til stades der han kom. Mellom anna ein medvitslaus kurdar.

– Me høyrde noko var øydelagt

– Me høyrde at noko var øydelagt inni han med måten han pusta på. Eg tenkte ikkje at dette var mannen eg stakk, eg tenkte han hadde fått knekt nasen eller noko, seier han.

Den drapstiltalte seier at han allereie nå frykta kva politiet kunne tenka om dette.

– Eg tenkte at dersom politiet nå kjem kan dei tenka at dette er min feil. Derfor kasta eg frå meg kniven i ein hekk like ved.

Måtte spy

Han fortel også at han blei fysisk dårleg av dette, og måtte spy. Han fortel at han ropte at nokon måtte ringa sjukebilen, sidan ein mann var hardt skadd, deretter sprang han.

– Eg var dårleg og måtte spy. Derfor jogga eg til bilen min, fortel den drapstiltalte.

Etter ei stund køyrde han, og andre tsjetsjenarar frå Dale. Den medvitslause, som 21-åringen sprang vekk frå, viste seg å vera avdøde Arman Palani.

Kodar i miljøet

Etter 21-åringen forklarte seg spurde aktor Tormod Haugnes han ut.

Han var særleg interessert i sprikande forklaringar i retten og i politiavhøyr. Den tiltalte forklarte at han først nekta for alt, sidan han var redd.

Då han så byrja å snakka ville han berre snakka om seg sjølv, og ikkje dei andre. Derfor blei ein del utelate.

Aktor ville så vita om tiltalte sjølv ville banka opp den drepne då dei trefte han tidlegare på dagen i Stavanger, før dei reiste opp til Dale for å skværa opp.

På dette forklarte tiltalte korleis dei tenker rundt dette i miljøet deira.

Trudde han sjølv ville bli drepen

– Det ville vore ei fornærming mot venen min som hadde blitt fornærma av denne personen. Har du blitt fornærma må du ordna opp sjølv, du kan ikkje få andre til å ordna opp for deg. Du kan likevel be om hjelp, som til dømes med transport, seier han.

Han held fast på at han handla i nødverje, og at han trudde han ville bli drepen sjølv.

Dersom dette er ei forklaring retten sett si lit til, vil det sei at han ikkje skal straffast, ifølgje advokaten hans Svein Kjetil Lode.

Det er sett av to veker til rettssaka i Jæren tingrett.