Drapssikta ektemann hadde pakka kofferten

Etter ei 24 år gamal kvinne brann inne i leilegheita si i Egersund, fann politiet kofferten og passet til ektemannen trygt plassert i garasjen.

Krimteknikarar i Egersund

Krimteknikarar har saumfare huset i Egersund etter brannen den 17. september i år. I garasjen fann dei kofferten med pass.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Politiet sikta den 28 år gamle ektemannen for drap allereie dagen etter ei 24 år gamal kvinne frå Sudan blei funnen død etter ein husbrann i Egersund i september.

Ektemannen, som også er frå Sudan, kom seg ut frå leilegheita etter brannen hadde starta, men kona blei igjen. Sjølv meiner han det er snakk om ei ulukke.

Politiet har henta inn fleire opplysningar som dei meiner fortel ei anna historie.

Prøver å forstå funna

Eit av funna politiet har gjort på åstaden er av passet til mannen. Det låg trygt plassert i ein koffert i garasjen. Garasjen var ikkje ramma av brannen.

Sjølv om dette var ei sentral opplysning då mannen skulle varetektsfengslast, så er politiet forsiktige med å seia kva dei legg i funnet.

– Me prøver nå å forstå funna som me har gjort, slik at me kan seia mest mogleg om dei tinga seinare, seier politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt, Fredrik Martin Soma til NRK.

Høyrde smell

Fredrik Martin Soma

Fredrik Martin Soma er politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Helge Hundeide / NRK

Det har også kome fram at kvinna hadde skadar i hovudet. I tillegg skal forklaringa sikta gav etter pågripinga ha stått fram som underleg. Også brannforløpet skal ha verka som uvanleg, dersom det var snakk om ei ulykke.

Alle desse punkta har retten har lagt vekt på i spørsmålet om varetektsfengsling.

Ein nabo NRK har snakka med forklarer at han høyrde eit høgt smell i forkant av brannen, og at den sikta etterpå verka fortumla ute på gardsplassen, medan kona framleis var i leilegheita.

– Me har ein teori om kva som har skjedd, og er i ferd med å teikna oss eit bilete, seier politiadvokaten.

Det har vore ein stor jobb for politiet å koma i kontakt med pårørande til kvinna, som nyleg hadde kome til Noreg.

Men etter ei stund fekk dei fatt i faren, som kom til Noreg då han fekk meldinga frå politiet.

Tidkrevjande avhøyr

Avhøyra er tidkrevjande på grunn av tolking. Dei jobbar elles med tekniske bevis og er snart i mål med vitneavhøyr. Dei meiner at etterforskinga går i rett retning.

– Etter varetektsfengslinga har mistanken mot mannen blitt styrka, seier politiadvokat Martin Soma i Sør-Vest politidistrikt.

Sjølv nektar mannen frå Sudan for å ha drepe kona si.

– Han har inga meining om kva som har skjedd, men har frå første sekund nekta straffskuld, seier advokaten hans, Asbjørn Stokkeland.