Hopp til innhold

Drapssikta blir varetektsfengsla

Mannen i 60-åra som er sikta for å ha drepe kona si på Moi i går blir framstillt for varetektsfengsling fredag.

Mannen, som er i byrjinga av 60 åra er innlagt ved psykiatrisk avdeling ved Stavanger Universitetssjukehus og fengslinga blir truleg gjennomført utan at mannen er tilstades.

Politiet krev mannen fengsla i fire veker.

Fengslingsmøte fredag

- Me har skrive ei fengslingsbegjæring som går til Dalane tingrett, seier politiinspektør Ernst Rossebø i Rogaland politidistrikt.

Fengslinga kan bli gjort som ei kontorforretning, og i det ligg det at mannen må samtykke til fengslinga.

Ingen avhøyr før neste veke

 

Ernst K. Rossebø
Foto: Anne Lise Indrefjord / NRK

Mannen som ligg på psykiatrisk, vil ikkje bli avhøyrt i dag eller i løpet av helga.

- Mannen må få den behandlinga han treng, så kjem me tilbake til avhøyra i neste veka, seier Rossebø.

Veit meir om motivet

Dei tekniske undersøkingane på åstaden held fram, samstundes som det blir gjort fleire vitneavhøyr. Ut i frå forklaringa som mannen gjorde onsdag og vitneforklaringar har politiet danna seg eit inntrykk av kva som skjedde før mannen skaut kona si, men vil ikkje kommentera det.

- Familiemedlemmer har vore til stades då skytinga skjedde, men ingen var vitne til sjølve skyteepisoden, seier Rossebø.