NRK Meny
Normal

Drapssaka på Bryne er ferdig etterforska

Det er åtte månader sidan 33 år gamle Scarlet Thomsen blei funnen død utanfor leilegheita si på Bryne. Sambuaren (38) sit framleis varetektsfengsla for grov kroppsskade med døden til følgje.

Bryne-drap

BRYNE: Politiet har etterforska drapssaka på Bryne sidan 9. oktober i fjor. Det er gjort meir enn 70 avhøyr i saka og sakkunnige har vore involvert for å vurdera den mentale helsa til 38-åringen som er sikta.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Politiet har nå fått dei siste dokumenta som dei har venta på etter Scarlet Thomsen (33) blei funnen død utanfor leilegheita si på Bryne 9. oktober i fjor.

Den 38 år gamle sambuaren hennar er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje. Han har vore under observasjon av rettspsykiatrar medan han har sitte varetektsfengsla, og det er Den rettsmedisinske kommisjonen si vurdering av dette arbeidet som nå er ferdig.

– Dermed kan me nå sluttføra saka og senda den over til Statsadvokaten som skal ta stilling til om det skal takast ut tiltale, seier politiadvokat i saka Erik Rand.

Først når det er teke ut tiltale kan saka hamna i retten.

Ny fengsling

I dag var det nytt fengslingsmøte, og 38-åringen fekk fire nye veker. Han har snart sitte varetektsfengsla i åtte månader.

– Han nektar framleis straffskuld og ønska ikkje forlenga varetekt, seier advokaten hans Gunnar Øystein Helgevold.

Han er kritisk til at klienten hans har sitte så lenge varetektsfengsla.

– Eg meiner at politiet har brukt for lang tid på etterforskinga i denne saka, seier han.

Slapp forvaring

38-åringen har eit langt kriminelt rulleblad og for nokre år sidan blei han i tingretten dømt til forvaring, men i ankesaka i Gulating lagmannsrett fekk han ei mildare straff. Ein forvaringsdom blir gitt når ein meiner at ei tidsavgrensa straff ikkje er nok til å verna samfunnet mot lovbrytaren.

Dei judisielle observasjonane som nå er gjort og rapporten frå rettskommisjonen vil bli sentrale i retten dersom spørsmålet om forvaring på nytt blir aktuelt.