Hopp til innhold

Etne og Vindafjord er «blodraude»

Etter eit større smitteutbrot har nabokommunane blitt to av dei raudaste i landet. I dag kom det første koronarelaterte dødsfallet.

Etne

80 KORONATILFELLE: På fylkesgrensa mellom Rogaland og Vestland er det om lag 80 personar som har blitt koronasmitta dei siste fjorten dagane. Det har fått store konsekvensar for dei små lokalsamfunna.

Foto: Etne kommune

– Me er absolutt i ein utbrotskommune, og me er absolutt blodraude, seier fungerande ordførar i Vindafjord Tove Elise Madland.

Tove Elise Madland, fungerende ordfører Vindafjord

TUNG DAG: Fungerande ordførar i Vindafjord, Tove Elise Madland, seier det har vore ein tung dag på jobb. Eit dødsfall er det dei har frykta.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

Kommunen hennar, og nabokommunen Etne, på fylkesgrensa mellom Rogaland og Vestland, er nå to av kommunane i landet med flest smitta per innbyggar. Og i dag kom det første koronarelaterte dødsfallet i Vindafjord.

– Det er alvorleg. No er det viktig at kommunane gjer skikkeleg smittesporing, har god testkapasitet og skaffar seg eit oversyn, seier Preben Aavitsland, som er overlege ved Folkehelseinstituttet.

Idrettslaga har stengt ned

Kommunane med relativt få innbyggjarar har nå stengt sjukeheimar og omsorgssenter for besøkande, skular og barnehagar blir drifta på gult og raudt nivå og fleire store bedrifter er ramma.

– Erfaring viser at det kan lønna seg å slå hardt til med ein gong, og heller ha dei strenge tiltaka i kort tid, seier Aavitsland frå FHI.

I tillegg har også idrettslaga har stengt ned all aktivitet, etter tilråding frå kommunane. Fleire hundre barn er ramma.

SR-Bank Stadion på Ølen

RESTRIKSJONAR: Fotballbanen i Ølen er open for søsken som vil spela fotball, men all organisert aktivitet er stengt. Om sju dagar vil idrettslaga i samråd med kommunane ta ei vurdering på om dei skal opna att.

Foto: Økland Foto

– I ein situasjon som denne gjer me det me kan. Men me veit jo at idretten er viktig for barna våre, så vi har sett i gang ei undersøking, for å kartleggja kva dette betyr for den enkelte, seier Siv Iren Børve Heddeland, som er leiar i Ølen idrettslag.

Ho har sjølv fått påvist koronasmitte, og sit nå i isolasjon i heimen sin.

Siv Iren Børve Heddeland

IDRETTSLEIAR SMITTA: Siv Iren Børve Heddeland er leiar for Ølen idrettslag og er sjølv koronasmitta.

Foto: Privat

Tiltaket er eit strengare enn det som gjeld i Oslo, der barn i barneskulealder kan driva breiddeidrett.

– Dramatisk høge tal

Dei siste 14 dagane har om lag 80 personar blitt smitta i dei to nabokommunane.

42 av dei er i Etne som har det høgaste smittetalet per innbyggjar.

– Vi har ikkje klart å slå ned smittetilfella. Det kjem nye positive prøver kvar dag og smittetalet er dramatisk høgt i forhold til folketalet, seier Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim som er ordførar i Etne.

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

ORDFØRAR: Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er ordførar i Etne.

Foto: NRK

Dei har likevel nå kjent smitteveg på dei fleste tilfella. Dessutan rosar ho innbyggarane sin innsats.

– Folk er veldig flinke til å etterleva tiltaka. Dei held seg heime og held avstand når dei er ute. Folk er flinke til å ha få nærkontaktar, seier ho.

Også Aavitsland i FHI har tru på at dei vil klara dette.

– Det krevst store ressursar i ein periode, men erfaringa frå mange andre kommunar er at stoda snøgt kjemt under kontroll når ein gjer de retta tinga. Vi er klare til å rettleie viss det trengst, seier han.