Hopp til innhold

Hestekrefter, svidd gummi og folkefest

Det ligg ei tåke over Varhaug, men det er ikkje vêrforholda som har skylda. Laurdag vart fylkesveg 504 stengt av for dragracing.

Ford Mustang mach 1 burnout

Bilane spinn dekka for å varme dei opp før løpet. Det blir sagt at dette gir betre veggrep, men nokon av sjåførane tar nok litt meir i enn andre.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

– Kona er litt redd for dekka, då. Men det er "grævla" kjekt.

Eimen av svidd gummi heng i lufta, og spente føter på gasspedalar lagar godlyd som kan høyrast over heile Jæren. Oddbjørn Austad har ikkje bidratt til nokon av delane.

Han sit bak rattet på kona sin svarte Toyota Yaris. Sjølv om det er langt opp til dei villaste bilane, er han nøgd med å delta.

Oddbjørn Austad i konas Toyota Yaris

Oddbjørn Austad har lova kona å ikkje køyre sundt bilen hennar.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK

– Eg skal eigentleg køyra motorsykkel på dragstripa, men treng å kjenna litt på korleis det er å stå der. Så dette blir omtrent det same, sjølv om eg ikkje har noko ambisjon om å kome først.

Utanom Oddbjørn sin Toyaota, er det bilar i alle slags formar, med hovudvekt på amerikanske muskelbilar. Men det er også ein gjeng bobler som har stilt seg opp til start.

Det er Jæren Dragrace Klubb som har stått for arrangeringa av arrangementet. Tidlegare har dei arrangert løp på Forus, men denne gongen var det Varhaug som stod for tur.

Sjekk biletgalleriet for å sjå på bilane som var med.

Dragrace på Varhaug

SJÅ BILDEGALLERIET: Biler i ulike variantar var med på dragracing på Varhaug laurdag.

Foto: Jørund Vatle Sandgren / NRK