Hopp til innhold

Svidd gummi og hundrevis av hestekrefter

Kraftige motorar fekk vise kva dei var gode for på dragrace på Forus i dag.

Svidd gummi og hundrevis av hestekrefter, då det blei arrangert dragrace på Forus.

– Det er mange spesialbygde bilar, og det er mange standard bilar. Her får alle ein sjanse. Om du har ein bil til ti tusen eller to millionar, så stiller alle likt, fortel Rune Bakke, styreleiar i Jæren Dragrace Klubb.

Klubben arrangerte i dag ein såkalla Street Legal konkurranse på Løwenstrasse, på Forus. Street legal er konkurransen for dei som har bilar som er registrert, og målet er å koma først.

– Her køyrer me på tid. Første mann til mål vinn. Det er lagt inn handikap på dei ulike bilane, så det skal vera rettferdig, fortel Bakke.

Dragracing

SVIDD: Det lukta svidd gummi på Forus i dag.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Kjapp i hovudet

Det var nær 40 bilar som deltok i konkurransen. Og hestekreftene varierte frå 100 til 600.

Dei køyrer berre to hundre meter, så då er det viktig å vera kjapp i hovudet, fortel Bakke.

– Skal du vinne må du vera kjapp og ha god reaksjonsevne, og så må du vera ein stabil sjåfør.

Bad boy

Deltakarane konkurrerte i fire ulike klassar. Ein av vinnarane var Magnor Mydland, han vann i klassen bad boy, klassen for dei med kraftigast motor.

– Det er dei slemmaste gutane som stiller i den klassen, spøker Mydland.

Han står ved sida av ein Ford Granada frå 1978. Bilen kjøpte han brukt, og han bygde sjølv om motoren.

Magnor Mydland

BAD BOY: Magnor Mydland vann i klassen bad boy.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Du må betala sånn cirka ein million kroner for ein slik motor i dag.

Er det pengepremie i Dragracing?

– I dag har eg vunne tusen kroner, så det hjelper ikkje så veldig mykje, avsluttar Mydland.