NRK Meny
Normal

Ho flykta frå krig i Irak – blei drepen i Norge

20 år gamle Jamil Rafal Mohamad frå Egersund var eitt av offera på Utøya. I dag markerte foreldra at det er fem år sidan dei mista henne.

20 år gamle Jamil Rafal Mohamad frå Egersund var eitt av offera på Utøya. I dag markerte foreldra at det er fem år sdan dei mista henne.

GODE MINNER: Pappa Yasin Mohamad Jamil ser tilbake på dei mange gode minna han har frå dottera Jamil Rafal Mohamad.

– Eg vil aldri gløyme henne. Ho var snill og smilte alltid. Alltid var ho positivt.

Yasin Mohamad Jamil sit med fotoalbumet og ser tilbake på livet til dottera Rafal. Eit liv som starta i Irak, men som i 2010 tok ei ny vending, då familien flykta til Norge.

– Ho sa til meg at ho nå hadde fått eit nytt liv i Norge. Eit liv utan krig og utan problem, fortel Yasin Mohamad Jamil.

Men slik blei det ikkje. Rafal blei medlem av AUF, og reiste saman med bror sin til Utøya sommaren 2011. Ho blei ei av dei 77 som mista livet sitt i 22. juli-terroren.

Wahid Bayda Hassan og Yasin Mohamad Jamil

HADDE TO BARN PÅ UTØYA: Wahid Bayda Hassan og Yasin Mohamad Jamil på minnemarkeringa i Egersund i dag. Dei hadde to barn på Utøya. Jamil Rafal Mohamad blei drepen, medan broren Elhemdani Jamil Yasin blei lettare skadd i ein arm under skytinga.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Vanskeleg med minnemarkering

I dag har Yasin saman med kona Wahid Bayda Hassan vore på minnemarkeringa i Egersund.

– Det er ikkje lett. Eg elska henne. Ho var ikkje berre dottera mi, men veninna mi. Me diskuterte mykje i lag, seier han.

Han hugsar godt dagen for fem år sidan. Rafal ringde to gonger under skytinga. Siste gong fortalde ho at ho var på ein trygg plass, og at ho berre låg å venta på at politiet skulle koma og henta henne.

– Ho sa ho at ho elska meg, og eg sa at eg elska henne, fortel faren.

Etterpå så la dei på.

Heldigvis fekk familien bror til Rafal tilbake frå Utøya. Han var skadd i den eine armen. Og nå kan Yasin fortelja at dei ventar eit nytt barn.

– Eg tenker at livet alltid må gå vidare. Så nå er det ein god nyheit at kona mi er gravid, og at me ventar ein baby om cirka ein månad, avsluttar Yasin Mohamad Jamil.

Vemund Knudsen

VIKTIG MED MARKERING: Vemund Knudsen er fylkessekretær i AUF Rogaland. Han meiner det er viktig med 22. juli-markeringar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det finst framleis høgreekstrem terror der ute

I Rogaland har det i dag vore markeringar i Stavanger, Egersund og Haugesund. Frå Stavanger var det 16 år gamle Marianne Sandvik som mista livet og 32 år gamle Kai Hauge, som var frå Stavanger, men budde i Oslo. Han mista livet sitt på Regjeringskvartalet. Frå Haugesund var det 17 år gamle Sondre Furseth Dale som blei drepen.

Fylkessekretær i AUF Rogaland, Vemund Knudsen, seier at 22. juli markeringane er viktige.

– Dette er det mest tragiske som har skjedd i Norge etter andre verdskrig, så markeringa er ikkje berre for dei etterlatne og AUF, men for heile landet, seier Knudsen.

Han seier også at det framleis er viktig å kjempa for verdiane som blei flagga etter 22. juli-terroren.

– Det finst høgreekstrem terror der ute framleis. Me må svara med verdiane våre som er demokrati, ytringsfridom og toleranse. Ikkje hat og vald, seier Knudsen.