Hopp til innhold

– Pubgjestane skuldar oss for å øydelegge sjekkinga

Dørvaktene har hatt eit annleis-år. Dei er vande med å halde orden, men ikkje med å be folk vaske seg og halde avstand. – Glad eg har jobba i barnehage, seier ei av dei.

Dørvaktene Ayla og Emilie på Torget i Stavanger

Aya og Emilie på jobb i «lysløypa» i Stavanger. Det er færre folk og mindre fyll, men arbeidet deira er meir krevjande.

Foto: Morten Nesvik / NRK

– Når du i løpet av nokre minutt har bede same gjest om å sitje på plassen sin fem gonger, så byrjar det å bli slitsamt. Både for oss og gjesten.

Emilie og Aya jobbar som dørvaktar og vektarar i Stavanger sentrum. Dei har til liks med alle kollegaene sine vore permitterte, men er no tilbake i jobb.

Utestadene må følgje ei lang rekkje nye reglar for å kunne ha ope. Og det er dørvaktene som har fått ansvaret for overhalde dei fleste smittevernreglane.

– Dei må sitte i eigne grupper, dei kan ikkje vase rundt i lokalet og me må passe på at dei ikkje bryt reglane, fortel Aya.

Dørvaktene Ayla og Emilie på Torget i Stavanger

Smittevern og handheving av nytt regelverk er ein krevjande jobb for dørvakta Emilie.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Akkurat det er ganske vanskeleg når det nærmar seg stengetid. For det er ikkje lenger lov til å prøva seg på nokon på nabobordet eller ved bardisken.

– Då må eg kjefta, og får ofte sure kommentarar tilbake. Sist det skjedde meinte gjesten eg øydela for sjekkinga hans.

– Vektarane bidreg i førstelina

Forbundsleiar i fagforeininga Parat, Unn Kristin Olsen, meiner vektarane står i førstelina i kampen mot pandemien. Dei er de første du møter om du drar til eit sjukehus eller eit anna offentleg bygg.

Vekterstreik Oslo

Vektarane har streika sidan 16. september.

Foto: Vegar Erstad / Vegar Erstad

Ho meiner at det er på tide at vektarane får heva status i samfunnet.

– Det er ein av grunnene til at det no er vektarstreik i landet, seier forbundsleiaren.

Meir stress for vektarane

Det er vektarselskapet PSS Securitas som bemannar dei fleste utestadane i Stavanger. Kristoffer Daldorf er driftssjef for 300 tilsette.

– Det har nok blitt noko mindre fyll og bråk på byen sidan mars, men det er jo ein kjempeutfordrande jobb å kommunisera smittevernreglar til folk som kanskje ikkje er like mottakelege.

Kristoffer Daldorf, driftsleiar i PSS-Securitas

PSS Securitas har 80 prosent av marknaden i Stavanger-utelivet. Kristoffer Daldorf er driftssjef.

Foto: Morten nesvik / NRK

Ifølgje Daldorf har vektarane i likskap med andre yrkesgrupper vore permitterte og redde for jobbane sine.

– No har dei i tillegg fått fleire oppgåver på skuldrene sine.

– Dei gjer ein utruleg viktig jobb

Kristoffer W. Hansen er dagleg leiar ved utestaden Cirkus. Han meiner vaktene er viktigare enn nokon gong.

– Dei gjer ein utruleg viktig jobb og får altfor mykje kjeft frå folk som burde ha visst betre. Om me eller nokon andre utestader blir tatt for å bryta smittevernreglane, risikerer me å måtte stenga.

Dagleg leiar ved utestaden Cirkus i Stavanger, Kristoffer W. Hansen.

Kristoffer W. Hansen driv utestaden Cirkus i Fargegata i Stavanger. Han er avhengig av at dørvaktene får gjort jobben sin.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Kontrollørar frå kommunen kjem jamleg på inspeksjon på utestadene. Hansen meiner det er krevjande å halde eit regelverk som stadig endrar seg, og som kan bli tolka på forskjellige måtar.

– Eg blir gjerne med og klappar for dørvaktene som har gjort, og gjer, ein kjempejobb!

– Glad eg har erfaring frå barnehage

Emilie har nytte av tidlegare arbeidserfaring.

– Eg jobba i ein barnehage tidlegare. Der lærte eg mykje eg har bruk for i denne jobben. Sjølv om det kanskje var lettare å få ungar til å sitte på plassen sin, seier ho.

Både Aya og Emilie har bedt om at me ikkje bruker etternamna deira i denne saka.