Hopp til innhold

Dør til dør-aksjon

Klokka halv elleve i føremiddag starta dykkarar og politi opp med eit nytt søk etter den sakna 45 år gamle Sissel Karin Gugarden i Egersund.

Leiting etter sakna kvinne i Egersund havnebasseng
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Søket kjem i første omgang til å bli konsentrert om havnebassenget i sentrum av Egersund.

I tillegg går 20 politifolk frå dør til dør i Egersund sentrum.

 Politiet opplyser at Gugarden også tidlegare har vært vekke fra sin omgangskrets i perioder, men likevel holder nå politiet alle muligheter åpne for hva som kan ha skjedd.

 

Etterlyst

Den 45 år gamle Gugarden er 1,67 høg og har tynn kroppsbygning og har brunt, halvlangt og glatt hår. Ho har blå auge og snakkar tilnærma sørlandsdialekt.

Da ho blei sett siste gongen, hadde ho på seg brun jakke, brune støvletter, blå dongeri og  bar på ei brun veske.

Politiarbeidet hittil

Politiet har kontaktet aktuelle personar i omgangskretsen hennar, og har prøvd å kartleggje kor ho var før ho forsvann  tysdag. I løpet av helga er det gjennomført søk i Egersund sentrum, både i gatene og på aktuelle adresser i byen.