Hopp til innhold

Dette Donald-bladet er selt for 122.500 kroner

Den første utgåva av Donald Duck i Norge kosta 50 øre. Det gjer den ikkje nå.

Donald-blad fra 1948

SJELDAN BLAD: Dette er første utgåve av Donald Duck i Norge. Bladet blei selt under ein auksjon i Oslo i helga til 122 500 kroner.

Foto: Skanfil Auksjoner AS

Utgåva frå 1948 blei selt under ein auksjon i Oslo fredag kveld.

Ein nordmann fekk tilslag på 98.000 kroner. Med omkostningar må han betala 122.500 kroner for den sjeldne utgåva.

Det er det Haugesundsbaserte auksjonsfirmaet Skanfil Auksjoner AS som stod bak auksjonen i hovudstaden.

Eirik Myge

Eirik Myge i Skanfil Auksjoner.

Foto: Thomas Halleland

– Dette er det dyraste Donald-bladet som er selt i Norden. For fire år sidan blei det selt eit blad med tilsvarande kvalitet, frå same året, til 57.500 kroner. Altså til halve prisen, seier Eirik Myge i Skanfil Auksjoner AS til NRK.

Redaktør: – Stor samleverdi

Han fortel at det berre er dei første utgåvene av Donald som oppnår prisar som dette. Bladet som gjekk til rekordsummen fredag var også av veldig god kvalitet, ifølge Myge.

– Den første utgåva av Donald kom til Norge i 1948. Fram til 1974 gjekk det an å få kjøpt bladet fordi det var eit lager i Oslo som hadde utgåvene. Men då lageret brann dette året blei det vanskelegare å få tak i første utgåve.

Marius Molaug er redaktør for Donald Duck & Co i Norge. Han seier den høge prisen på bladet frå 1948 viser at gamle Donald-blad er mykje verdt.

Første amerikanske Donald

Det første amerikanske bladet med teikneseriefiguren Donald blei gitt ut i USA i 1935. Bladet er selt på auksjon for 27 500 kroner.

Foto: Skanfil Auksjoner

– Samleverdien på Donald er stor, så det kan lønna seg å kjøpa Donald. Plutseleg er det mykje verdt. Det finst mange ivrige samlarar der ute, seier han.

Skjulte skattar

Som med alle samleobjekt er det tre ting som avgjer prisen, ifølge Myge i Skanfil Auksjoner.

– Det er kvalitet, kor sjeldan produktet er og kor mange samlarar som er på jakt etter objektet. Gamle Donald-blad finst i mange heimar, men dei færraste veit kva skattar dei har, seier han.

Det trur også Donald-redaktør Molaug, som har tru på nye salsrekordar for gamle Donald-blad.

– Det er klart at det første bladet er mykje verdt, men det er nok andre blad også som kan seljast for ein god pris. Mor mi hadde det første Donald-bladet, men det blei kasta under opprydding. Det er eg litt frustrert over i dag, humrar redaktøren.