Hopp til innhold

Dømt for ulovleg jakt i Eigersund

To menn i 20-åra er i Dalane tingrett dømt til å betale bøter på 10 000 og 15 000 kroner for ulovleg jakt på hjort. I tillegg må dei betale sakskostnader, og ein av dei får ikkje drive jakt på tre år. Bakgrunnen er at dei to i fjor haust skaut ein stor bukk utan å ha løyve til dette. Kjøtet frå bukken vart seinare kasta i sjøen, etter retten si meining for å kvitte seg med bevis.