NRK Meny

Dømt for fleire valdtekter

Ein mann i 50-åra er i Haugaland tingrett dømt til fengsel i åtte år og seks månader for ei rekke valdtekter mot sin tidlegare kjærast medan ho sov, i tillegg til ei rekke andre lovbrot. Mannen er også dømt til å betale kvinna 250.000 kroner i oppreising. Både påtalemakta, som meiner at straffa burde vore strengare, og mannen sin forsvarar vil vurdera å anka dommen, ifølgje Haugesunds Avis.