Dømt for fleire hundre overgrep

Ein 43 år gamal mann frå Stavanger vart i dag dømt til 11 års fengsel, melder Aftenbladet. Mannen er dømt for fleire hundre overgrep på to mindreårige gutar som vart misbrukte over fleire år.

Den tiltalte mannen nektar straffskuld for dei mest alvorlege skuldingane, skriv avisa.