NRK Meny

Dømt for falske valdtektsskuldingar

Ei 27 år gammal kvinne er i Stavanger tingrett dømt til seks månaders fengsel, for å ha komme med falske skuldingar om valdtekt i eit politiavhøyr. Det skriv Stavanger Aftenblad. 27-åringen hevda at ho vart valdteken av ein namngitt person i eit MC-lokale i Rogaland. Sistnemnde vart sikta for forholdet. Først eit år etter skuldingane, valde kvinna å trekkje dei.