Hopp til innhold

Dommaren: – Viking skulle hatt straffe

Både Sarpsborg-spelarar og dommaren innrømma at Viking blei snytt for straffe i sluttminutta etter 0–0 kampen.

Vikings trener var ikke i tvil om at hans lag ble snytt for straffe.

Slik reagerte Viking-trenar Kjell Jonevret.

Laster innhold, vennligst vent..
Ola Hobber Nilsen

DOMMAREN: Ola Hobber Nilsen la seg langflat etter kampen.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Me var kjempeheldige i dag. Det er heilt klart at det skulle vore straffe. Ingen tvil om det, sa Sarpsborg-målvakt Arild Østbø etter kampen mot gamleklubben Viking, like etter dommaren hadde blåse i fløyta.

Situasjonen han snakkar om skjedde på overtid. Mathias Bringaker trefte tverrliggaren, og like etter blokkerte ein Sarpsborg-forsvarar eit skot med armen. Situasjonen sette sinne i kok hos Viking-spelarane.

Vikings Andre Danielsen snakker med dommer Ole Hobber Nilsen etter eliteseriekampen i fotball

PROTESTERTE: Ein oppgitt André Danielsen frå Viking gav klar beskjed til dommaren om kva han meinte etter kampen mot Sarpsborg 08.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Dommaren innrømmer feil

Då dommar Ola Hobber Nilsen kom ut av dommargarderoben etter kampen innrømma han feilen.

– Det skulle vore straffe til Viking. Sarpsborg-spelaren har handa i ein unaturleg posisjon. Det er veldig synd at slike ting skjer, men me såg det dessverre ikkje, seier Nilsen.

Viking-trenar Kjell Jonevret var inne i garderoben og fortalde kva han meinte om saka.

– Spelaren deira tek ballen med handa, og etter det eg veit så er det ikkje lov. Det er ikkje så mykje meir å snakka om, sa Jonevret til NRK etter kampen.

Nilsen legg seg flat.

– Eg blir vurdert etter kvar kamp, så dette er sjølvsagt også uheldig for meg, seier han.

Arild Østbø

EKS-VIKING: Arild Østbø heldt nullen mot Viking, men innrømmer at gamleklubben blei snytt for straffespark.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Viking var best

Utanom situasjonen på overtid så var kampen nærmast blotta for finspel og store sjansar. Alt i alt så er det likevel Sarpsborg 08 som bør vera mest nøgd med poengdeling, også om ein ser vekk frå situasjonen i sluttminutta.

Laster innhold, vennligst vent..