NRK Meny

DØMD TIL TO ÅR I FENGSEL FOR VALD

Ein mann i 20-åra, busett i Ryfylke, er dømd til to år i fengsel for å ha slått og truga sin tidlegare sambuar over ein periode på nesten eitt år. Mannen, som kom til Norge frå Eritrea i 2011, skal mellom anna ha slått ho til blods då ho var gravid i fjerde månad og tatt kvelartak på den fornærma dagen etter ho kom heim frå fødestova med parets nyfødde barn.