Hopp til innhold

Finansrådgjevarar dømd for dårlege råd - må betala 370 000 kroner i erstatning

To tidlegare finansrådgjevarar er i Jæren tingrett dømd for å ha gitt uforsvarlege råd til ein privatperson, og må betala erstatning og sakskostnader på til saman 559 400 kroner til mannen frå Stavanger.

Jæren tingrett i Sandnes

(Illustrasjonsbilete)

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stavangermannen vart i januar 2008 kontakta av ein av dei tiltalte finansrådgjevarane, og bedt om eit møte om finanssituasjonen til mannen og moglegheiter for eventuelle investeringar.

Etter fleire møter utover byrjinga av 2008, der han først ikkje ville investera, enda mannen opp med å kjøpa fem delar i eitt eigedomsprosjekt og elleve delar i eit anna eigedomsprosjekt til ein total verdi av om lag 830 000 kroner. Etter eit av møta forklarte kona til mannen at ho gjekk frå møtet med «kjensla av å vinna i lotto».

Angra på investeringane

I mai same år tok mannen kontakt med rådgjevarane og ytra at han angra på investeringane. Då fekk han til svar at «Dere har gjort et godt valg!» saman med ein artikkel frå Dagens Næringsliv om næringseigedom.

I 2012 vart det for det eine eigedomsprosjektet slått konkurs, medan i det andre vart sett i verk ein emisjon (NB! Ekstern lenkje), der prisen pr. del var 5400 kroner.

I oktober 2012 tok mannen ut søksmål mot dei to finansrådgjevarane. Sidan firmaet dei to jobba i då investeringane vart gjort, gjekk konkurs, gjekk mannen til søksmål mot dei to som privatpersonar.

– Det er jo det som er litt spesielt i denne saka. Normalt sett ville me gått til søksmål mot selskapet, men sidan det gjekk konkurs var det ikkje mogleg. Og så var det også dei to rådgjevarane som handla uaktsamt, seier Nygaard.

Tilkjent halve tapet i erstatning

Retten har funne fram til at dei to finansrådgjevarane kan haldast ansvarlege for mannen sitt tap, og difor har erstatningsansvar for at mannen tapte 743 130 kroner på investeringane.

– Me er sjølvsagt nøgde med domen, min klient hadde ikkje fått nok informasjon og vart gitt dårlege råd, seier advokat Stein Nygaard.

Retten vil likevel ikkje tilkjenna mannen heile beløpet i erstatning, fordi han også har eit medansvar for at investeringane vart gjort. Han vart tilkjent halvparten: 371.565

– Det er heilt OK i ei slik sak, for å seia det slik, seier Nygaard.

Retten legg vekt på at finansrådgjevarane har anbefalt investeringar som ikkje var hensiktsmessige i forhold til hans situasjon og ønskje om ein balansert risiko i investeringane.

Forsvararen til dei to finansrådgjevarane, Edle Endresen, meiner dei ikkje har opptredd uaktsamt, og at investeringane var forsvarlege og eigna for mannen basert på informasjonen han hadde tilgjengeleg. Dei er samde i at investeringane i ettertid har synt seg å vera dårlege, men at dei ikkje kan lastast for det. Finanskrisa og uventa vedlikehaldskostnader er blant elementa dei meiner er årsaka til tapet.

– Det er ikkje avklart om dei vil anka eller ikkje, seier Endresen til NRK.