Hopp til innhold

Her kjøper «Ajax» krabbe i Stavanger

Sjå dokumentaren frå 1973 – der me får ein heil time saman med Andreas «Ajax» Jacobsen og folk som kjende han godt.

Sjå dokumentaren frå 1973 – der me får ein heil time saman med Andreas «Ajax» Jacobsen og folk som kjende han godt.

►ROGALAND RETRO: Dokumentaren blei laga av underhaldningsavdelinga sentralt i NRK. Det var Stavanger-mannen August Mauritzen som var reporter.

Denne veka presenterer Rogaland retro dokumentaren «Smilende penner: «Ajax» i Stavanger». Ikkje berre er dette eit flott portrett av Stavanger-humoristen Andreas «Ajax» Jacobsen, men den gir også eit unikt tilbakeblikk og tidsbilete av Stavanger anno 1973.

I dokumentaren tar Ajax oss med til torghandlaren der han kjøper krabbar, deretter går han syngande heimover gjennom Stavanger og kokar krabbane der. Han fortel om korleis karrieren hans byrja med at Stavanger Aftenblad fekk fatt i nokre teikningar han hadde laga. I tillegg les Bjarne Andersen, Roy Bjørnstad, Gunnar Eide, Claes Gill og Olava Øverland Ajax-tekstar. Dessutan får du sjå Henry Imsland teikna dei klassiske Ajax-illustrasjonane.

Spelar for fulle salar

At Ajax også er populær i dag er det ikkje tvil om. Førestillinga «Ajax før jul!» der Espen Hana, Torfinn Nag, Grete Lill Tangen og Sally Nilsson les tekstar frå Ajax sine bøker, har gått for fulle hus på Stavangeren fire kveldar.

Det er nok likevel julehistoria; «De små armane», om Johanna og Broremann, folk flest les i desse juletidene. Denne blir også lest opp på radioen kvar jul i NRK Rogaland, og i år laga også NRK-reporter, Øystein Ellingsen, ein ny versjon av forteljinga. Denne har fått namn; «De små appane».

Ajax blei fødd i 1909, og i dokumentaren er han 63 år gamal. Forfattaren døydde 20. mars 1995 på Solvang sjukeheim.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK