Hopp til innhold

Uroleg hest var truleg årsak til ulukke

Kvinne mista livet i trafikkulukke med hest.

Dødsulukke i Tysvær.

Blomar og lys er lagt ned ved ulukkestaden.

Foto: Thomas hALLELAND / NRK

Fredag mista den 46 år gamle fembarnsmora Elin Bråtveit livet i ei trafikkulukke med hest på Sundfør i Tysvær.

Bråtveit førte ein hest langsmed E39, då det gjekk gale.

Hesten skremt

– Det kom ein trailer forbi og hesten ser ut til å ha blitt skremt og har sprunge opp mot vegen, og har skubba vedkomande inn mot traileren, seier lensmann Racin Tjøsvoll ved Tysvær lensmannskontor.

Racin Tjøsvoll

Ifølge lensmann Racin Tjøsvoll er det så langt ikkje noko som tydar på uaktsam køyring.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Kvinna lèt etter seg fem barn. Ho dreiv ein gard med hestar i Skjoldastraumen, der det blant anna blei arrangert ridekurs.

Hesten ho førte langs vegen var teken ut av rideskulen og stod på eit beite på Sundfør.

– Hesten hadde sleppt ut av området der han stod, og ho skulle føra han tilbake til beitet, fortel Tjøsvoll.

Ber bilistar vera varsame

– Hestar kan reagera, føla seg truga og plutseleg prøva å springa sin veg. Og det hender at dei spring der dei absolutt ikkje burde, seier dyrlege Per Kolnes som driv med oppdrett av islandshestar.

Han ber bilistar om å vera varsame og senka farten når dei passerer hestar på

Per Kolnes

Hesteoppdrettar og dyrlege Per Kolnes ber bilistar vera forsiktige.

Foto: Thomas Halleland / NRK

vegen.

Lensmann Tjøsvoll presiserer at det er for tidleg å seie noko om skuldspørsmål i saka.

– Dette er jo på eit tidleg tidspunkt i etterforskinga, men så langt så er det ikkje noko som tydar på at sjåføren har opptredd uaktsamt. Men etterforskinga vidare vil visa korleis dette heng saman, seier han.