Dødsing er ekstremsporten som tar av blant unge

Aldri før har fleire kasta seg på stupetrenden dødsing. Til helga er det VM i Oslo og rekordmange påmelde.

Stian Samsonsen dødser i Glomma

Stian Samsonsen i svalestup under ein dødsekonkurranse i 2016.

Foto: Rune Fredriksen/NRK

– Du må vera litt galen for å driva med dødsing, seier Andreas Jøsendal Helgeland frå Haugesund. Han er femten år og skal delta VM til helga, for første gang.

– 40 av dei påmelde er under 18 år, opplyser VM-arrangør Paul Rigault.

Dødsing blei første gang utført i 1972 av Raga Rockers-gitarist Erling Bruno Hovden, på ein etterfest i Frognerbadet.

 Pål Rigault, presseansvarlig under verdensmesterskapet.

VM-arrangør Paul Rigault gler seg til VM i helga.

Foto: Kaja Staude Mikalsen / NRK

– Dei siste genrasjonane har verkeleg sett dødsing på kartet. Truls Torp har eigen Vlogg og filmane hans tar av på internett. Fleire millionar har kikka innlegga hans.

Fleire internasjonale medium har også lagt store medieoppslag om ekstremsporten.

– VM er blitt sett av 70 millionar menneske på TV i Japan, og medium som Huffington Post og The Daily Mail, har bidratt til internasjonal merksemd.

I VM for første gang

Andreas Jøsendal Helgeland, frå Haugesund, er ein av dei yngste deltakarane i VM.

– Det starta med at eg kikka på ein konkurranse her heime, så fekk eg lyst til å prøva, seier debutanten.

VM i Døds er blitt arrangert som ein uformell konkurranse på Frognerbadet sidan 2008. Dei siste åra har arrangementet blitt veldig populært, og i år er det deltakarrekord med 120 påmelde.

15-åringen er beskjeden rundt forventningane til VM.

– Eg gler meg og er spent.

Arrangøren fortel også at det er venta fleire tusen tilskodarar til Frognerbadet laurdag.

– Det er utseld.

Dødsstuperne kastet seg lørdag ut fra «tiern» på Frognerbadet i Oslo, i kampen om å bli årets verdensmester under VM i Døds 2016.

Sjå finalen i dødsing frå 2016 her.