Hopp til innhold

Politiet trur ikkje noko kriminelt har skjedd

Ein førebels obduksjonsrapport syner at Eirik Bjørgen (31) truleg døde av drukning. Politiet har etterforska saka som eit mistenkeleg dødsfall.

Død mann funnen i Ølen

Politiet fann ein død mann i strandkanten ved brannstasjonen i Ølen i Vindafjord sundag klokka 17.15.

Foto: Kjell Bua

– Me trur ikkje at det ligg noko kriminelt bak dødsfallet, men me held fram etterforskinga av saka, seier lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde.

Han har i dag fått obduksjonsrapporten frå Gades Institutt, etter dei fann 31 år gamle Eirik Bjørgen død i fjæresteinane i Ølen sentrum sundag ettermiddag. Han hadde blitt meldt sakna tidlegare på dagen same dag.

I obduksjonsrapporten, som er førebels, kjem det fram at dødsårsaka mest truleg var drukning.