Hopp til innhold

67-åring døde etter han gjekk gjennom isen

Tre personar gjekk sundag gjennom isen på Lutsivatnet i Sandnes. I dag døde den 67 år gamle mannen, som var den første som hamna i det iskalde vatnet.

Tre gikk gjennom isen på Lutsivatnet i Sandnes

Sundag klokka 13.30 fekk Hovudredningssentralen melding om at tre personar hadde gått gjennom isen på Lutsivatnet i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Haukeland sjukehus stadfesta måndag føremiddag at ein 67 år gamal mann døde av skadane han fekk då han gjekk gjennom isen på Lutsivatnet i Sandnes sundag.

Det var klokka 13.30 Hovudredningssentralen melding om at tre personar hadde gått gjennom isen.

67-åringen var den første som gjekk gjennom, dei andre kom til for å hjelpa, men hamna sjølv uti. Dei to andre kom seg opp etter kort tid, medan 67-åringen blei frakta til Haukeland med kritiske skadar.

Nå opplyser altså sjukehuset at mannen er død.

VIDEO: Naboar såg hendinga

To personer gikk gjennom isen på Lutsivatnet i Sandnes da de forsøkt å redde en mann som allerede var gått gjennom. Førstemann ble brakt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med helikopter. Jens Bang var like i nærheten da det skjedde.

VIDEO: Jens Bang og kona Hege var like i nærleiken da noen oppdaga at 67-åringen hadde gått gjennom. Foto: Arild Eskeland