NRK Meny
Normal

Dobbelt løn til "pensjonistar"

Seniorar kan få mest dobbelt løn i årevis.  StatoilHydro gir 70 prosent løn i ti år for å bli kvitt attraktiv arbeidskraft.

Statoil sitt hovedkontor på Forus
Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Mens oljebransjen skrik etter fagfolk betalar StatoilHydro 58-åringar for å gå av med tidligpensjon.

Dei som vel å gå får 70 prosent lønn til dei er 67 år, utan avkorting om dei får ny jobb.

Og det bør ikke vera vanskeleg. - 58 åringar er attraktiv arbeidskraft for tida, seier direktør Truls Nordahl i NAV Rogaland.

 

Alt for god ordning

Alt for god ordning, ikkje minst i eit selskap med så stor statleg eigarskap, meiner stortingsrepresentant Hallgeir Langeland frå SV.

Hallgeir Langeland
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

 

- Det er eit galt signal til alle andre som jobbar i norsk arbeidsliv.  Når ein kjenner til at det er køar av arbeidsgjevarar for å skaffa seg desse folka,  så er ordninga for god, seier Langeland.

 

Stort behov for fagfolk

Det er eit enormt behov for fagfolk i oljebransjen.  Aviser og selskapa sine nettsider er fulle av stillingsannonser og i Stavanger overbyr selskapa kvarandre i jakta på fagfolk. Ei oversikt frå Oljeindustriens landsforening viser at olja treng minst seks tusen ingeniørar i året i fleire år framover.

StatoilHydro-avtalen

StatoilHydro får omlag 2 500 overtallige. Ei av løysingane er ei gunstig tidlegpensjon-ordning. Dei som fyller 58 år innan utgangen av 2008 kan slutte på 58 årsdagen sin - og behalde 70 prosent av løna, til dei blir 67.

- Det har ingenting å seie om dei får ny jobb, seier informasjonsdirektør i Statoil, Ola Morten Aanestad:

God avtale for tilsette

Ordninga vart lagt fram måndag, etter tildels tøffe forhandlingar mellom fagforeiningane og selskapa. Og informasjonsdirektør i StatoilHydro, Ola Morten aanestad innrømmer at det er ei veldig god ordning.

Ingen blir BEDNE om å tidlegpensjonere seg, det er opp til den enkelte. Dei som vil kan altså senda ut følarar i arbeidslivet, og om dei får jobbtilbod kan dei - om dei vil - slutta i statoil, ta med seg 70 prosent av den - i mange tilfelle svært anstendige - gamleløna og få ny jobb på toppen.