Korona-krisa gjer at DNB kuttar salsgarantien

Noregs største meklarkjede har midlertidig stansa sin salsgaranti for kundar som skal selja eigedom. Andre aktørar held fram med sine garantiar.

Visningsskilt på et gatehjørne

VEL VEKK GARANTIEN: Noregs største meklarkjede tar korona-grep.

Foto: Sun Iren Bjørnås / NRK

– Me er i ein ekstraordinær situasjon som endrar seg heile tida, og derfor vil det vera vanskeleg å gi denne type garantiar framover. Det håper me våre kundar har forståing for, opplyser kommunikasjonsrådgivar Vidar Korsberg Dalsbø i DNB Eiendom.

Felles for salsgarantiar i meklarbransjen er at du blir freista med å sleppa unna betaling dersom meklarane ikkje får bustaden din seld.

Vidar Korsberg Dalsbø i DNB forsikring

KORONA-GREP: Kommunikasjonsrådgivar Vidar Korsberg Dalsbø i DNB Eiendom håper på forståing for at dei vel vekk salsgarantien.

Foto: DNB

Ordninga har også blitt kritisert for å vera villeiande marknadsføring og for å gi «falsk tryggleik». Ulike vilkår gjer nemleg at garantien ikkje alltid vil gjelda.

DNB Eiendom sin garanti går under namnet «Garantert Solgt», og blir marknadsført med slagordet «selger vi ikke, betaler du ingenting».

– DNB Eiendom har vedteke å midlertidig stansa «Garantert Solgt», men garantien vil framleis gjelda for avtalar som alt er inngått, opplyser Dalsbø.

Tru på marknaden

NRK har også vore i kontakt med andre meklarkjeder. Inntrykket er at dei fleste som har slike garantiar, held fram med dei.

Notar har salsgaranti utan bindingstid. Den blir ståande sjølv om koronaen herjar.

John Vegard Berntzen, Notar

HELD FRAM SOM FØR: Eiendoomsmegler John Vegard Bertzen seier det kjem ei tid etter korona også.

Foto: Notar

– Me er offensive og har trua på marknaden. Også i framtida, seier eigedomsmegler John Vegard Berntzen i Notar Eiendom.

Salsgarantien til Notar betyr at viss bustaden ikkje blir seld til den prisen kunden vil ha, kan salet trekkjast når som helst utan kostnader.

– Men me tar grep. Nå har me blant anna starta med virtuelle visningar på nett, seier Berntzen.

Også Proaktiv Eiendomsmegling, som har sin hovudtyngde i dei befolkningstette områda i landet, held fram med å tilby kundar salsgaranti.

– Me meiner det er rett og forsvarleg å halda fram med ei ordning som er ein tryggleik for forbrukarane, seier dagleg leiar i Proaktiv, Vibeke Stavenes.

Svært ulik praksis

Ifølge bransjeorganisasjonen Eiendom Noreg er det ulik praksis når det gjeld salsgaranti. Nokon tilbyr det, andre ikkje.

Blant anna har Eiendomsmegler 1 berre salsgaranti enkelte stader i landet.

Knut Sirevåg

BERRE GARANTI NOKRE STADER: Administrerande direktør Knut Sirevåg i EiendomsMegler 1 seier dei i utgangspunktet ikkje har salsgaranti.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me har i utgangspunktet ikkje salsgaranti, men har innført det i enkelte geografiske område. Årsaka er konkurransemessige forhold. Og me ønsker å ha eit minst like godt tilbod som våre hovudkonkurrentar, seier administrerande direktør Knut Sirevåg i EiendomsMegler 1.

Usikker tid

Korona-krisa skaper usikkerheit i bustadmarknaden. Optimisme har snudd til usikkerheit og tru på prisfall, ifølge Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) sitt bustadmarknadsbarometer for mars.

Andelen som trur på stigande bustadprisar fell kraftig frå 58 prosent i februar til 34 prosent denne månaden, viser barometeret som blei samla inn mellom 10. og 15 mars.

Onsdag ettermiddag kjem også Eiendom Norge med nye salstal for eigedomsmarknaden.

Vanlegvis kjem statistikken ein gong per månad, men i dei spesielle korona-tidene vil dei legga fram nye tal kvar veke.

Meklarbransjen fryktar få bustadar blir selde og bygde. Derfor er det knytt spaning til kva tala på onsdag viser.