Lastebilen vart plassert i utkøyringa til politihuset på morgonene 5. april i fjor, for å sperra politiet inne, og forseinka utrykninga noko.
Men sjølv om både førarhuset og lasterommet vart tent på, tok den stolne lastebilen aldri skikkelig fyr.
Brannen vart dermed fort sløkt og politiet sine krimteknikarar fann ei mengde spor i lastebilen.
I følge VG skal politiet mellom anna ha funne DNA-materiale frå to av dei sikta på ein sovepose og eit par hanskar.