Hopp til innhold

Djurdjic på utlån til Helsingborg

Toppscoraren i eliteserien, Nikola Djurdjic, går frå FK Haugesund til Åge Hareide sitt Helsingborg i Sverige. Hans første kamp blir truleg Champions League-kvalifisering mot Celtic.

Nikola Djurdjic

FKH sin stjernespelar Nikola Djurdjic feirer eitt av dei tolv måla han har laga i årets eliteserie.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Nikola har forlenga avtalen med FK Haugesund eitt år, til første januar 2015, i tillegg til at me leiger han ut til Helsingborg, som har ein opsjon til å kjøpa han om dei ønskjer det, seier forhandlingsleiar i FKH, Ingolf Steensnæs.

Leigeavtalen går fram til 15. januar 2013.

Toppscoraren i eliteserien skal ifølgje Aftonbladet vera klar allereie til Champions League-kvalifiseringa til Helsingborg mot Celtic i morgon, eller returen neste veke i Glasgow.

Ville vekk frå klubben

Etter FKH overraskande rauk ut av cupen mot Hødd, som ligg i botn av første divisjon, gjorde Nikola Djurdjic det klart at han vil vekk frå klubben.

Førre veke blei det kjent at Odense hadde lagt inn millionbod på serbaren. Men nå er det altså klart at han går til Helsingborg.

Under Åge Hareide som trenar, vil Djurdjic nå på ny bli sameint med sin tidlegare spisskollega i Haugesund Thomas Sørum.

Pressekonferanse klokka 16

Med sine 12 mål er Nikola Djurdjic den som har scora flest mål i eliteserien etter 19 rundar er spelt. Laget han spelar for, FKH, ligg likevel ikkje høgare enn ein sjuande plass på tabellen.

FK Haugesund hadde avtale med Djurdjic om at han skulle få prøva seg dersom det kom eit riktig tilbod.

– Det har nå kome, og truleg får han vera med i Champions League-kvalifiseringa i morgon. Dette har jo vore det store ønskje til Nikola me får håpe at samarbeidet går like bra med Thomas Sørum i Sverige, som det gjorde her seier Steensnæs.

Han vil ikkje sei kor mykje Helsingborg må punga ut med for leigeavtalen. Men seier at Haugesund ikkje har umiddelbare planar om å kjøpe inn forsterkingar.

– Me frykta litt at dette kom til å skje, så me har jo allereie handla inn Pontus Engblom. I tillegg har me Alexander Søderlund og Oddbjørn Skartun, så me er framleis godt rusta, seier han.